Posted on

Om økologiske ingrediensar

Til og med for meg som driv i bransjen er det avogtil forvirrande å finne ut kor økologiske hudpleieprodukt verkeleg er. Før eg starta Rein hudpleie trudde eg at alle produkt og seriar som brukte økologisk i beskrivelsen sin var heilt økologiske. Dette er ikkje tilfelle. Faktisk vart dette noko av motivasjonen for å starte opp sjølv, for eg syns det var vanskelig å finne produkt som virkelig var heiløkologiske. Når ein studerer innhaldslista så viser det seg at det kanskje er ein eller to økologiske ingrediensar, og det er nok til at produktet vert løfta fram som økologisk. Dette syns eg faktisk ikkje er godt nok. Det er heller ikkje godt nok påstå at viss ingrediensane er «naturlege» så er produktet økologisk.

Når dette er sagt så er heller ikkje alle mine produkt 100% økologiske. Men eg er heilt bevisst på at finst det eit økologisk alternativ så velger eg det, sjølv om det kanskje er tre gonger så dyrt. Men det er ikkje alt som finst å få tak i økologisk. Eksempel på dette er lanolin, såpestoff og lanettevoks. Men når eg velger konvensjonelle ingrediensar har eg ein god grunn for det, og den grunnen er ikkje pris.  Samtidig så velger eg vekk mange gode ingredienser fordi dei ikkje finst økologisk. Uansett så syns eg at det bør vere skikkelig og tydelig merking på alt, og eg blir litt provosert når hudpleieprodukt som inneheld nokre få økologiske ingrediensar vert framtilt som økologiske. Då er det eit valg som mest sanlynleg går på pris, ikkje tilgjengelighet.

For meg er det også viktig å ha ingrediensar som er framstilt på berekraftig vis, og som kan brytast ned i naturen etter bruk. Eg brukar plast- og metallemballsje, men denne er laga av resirkulert materiale, og kan gjenvinnast etter bruk. Eg er stadig på leit etter endå meir miljøvenleg emballasje, men import er vanskelig og ikkje minst dyrt for oss småprodusentar.

For å gjere det så enkelt som mogeleg for forbukarane har eg tydeleg merking med innhaldsliste på framsida av alle produkt, og har i tillegg ei liste over alle ingrediensar som eg brukar her på heimesida.

Posted on

Produkt til ansiktspleie

Eg driv for tida og oppdaterer produkt-sida. Her er ein smakebit mens me venter på at eg skal bli ferdig:

ansiktsolje_ute_3 ::  Ansiktsolje
Bruk ansiktsolje i staden for fuktigheitskrem etter ansiktsvask/rens. Olja trekker raskt inn i huda, og sørger for god fuktigheit. Avocadoolje er rik på vitamin, jojobaolje er svært lik vår eigen hud og vert svært for absorbert. Mandelolje er god til tørr, kløande og irritert hud hud, og hampfrøolje er lindrande og mjukgjerande. Ansiktsolja inneheld like mykje av kvar av desse oljene. I tillegg er det tilsatt nokre dråper etrisk olje av lavendel. Olje trenger djupare inn i huda enn vanlig fuktighetskrem, og gir masse næring til dei inneste hudlaga i ansiktet.

ansikstolje spf 15 :: Ansiktsolje med solfaktor 15
Inneheld det same som vanleg ansiktsolje, og tiosol.
Tiosol er eit fysisk solfilter basert på finkorna tiandioksid, inneheld ikkje nanopartiklar. Olja trenger djupare inn i huda enn vanlig fuktighetskrem, og gir masse næring til dei inneste hudlaga i ansiktet.
Innhald: mandelolje*, jojobaolje*, hampfrøolje*, avocadoolje*, e-vitamin*, tiosol og eterisk olje av lavendel*. 30 ml. *=frå økologisk landbruk

 

:: Anti-rynke serumanti-rynke serum_
Bruk serumet i staden for fuktighetskrem om kvelden. Masser eit tynt lag på fuktig hud etter rensing. Oljene trekker raskt inn i huden, og gir mykje næring djupt inn i huda. Nyperoseolje er oppstrammande og reparer arr, den er også rik på vitamin A som stimulerer til cellefornying. Granatepleolje er full av vitamin og antioksidantar, desse nøytraliserer frie radikaler som fører til aldring av huda. Avocado, jojoba og mandelolje er alle næringsrike oljer som gir næring og fuktighet til huda.
Innhald: jojobaolje*, mandelolje*, avocadoolje*, granateplefrøolje*, nyperoseolje*, e-vitamin* og eterisk olje av geranium* og ylang-ylang*.  30 ml. *=frå økologisk landbruk

ansiktskrem2:: Ansiktskrem
Ein fyldig ansiktskrem fullpakka med næringsrike oljer og feittstoff. Dersom du har feit hud eigner den seg best som nattkrem, for deg med litt tørr hud passer den fint som både dag- og nattkrem. Kan gjerne brukas i kombinasjon med ansiktsolje. Kremen inneheld oljer som skal verke oppstrammande på huda, og glatte ut rynker. Inneheld også nattlysolje som skal vere veldig effektiv på eksem og hudirritasjoner. Kamille, ringblom, aloe vera og rose verkar alle roande på irritert hud. Jojobaolje, hampolje, og avocadoolje gir huden masse næring og vitaminer. Kjem i ei 50ml blå glaskrukke.
Innhald: kokosolje*, uraffinert sheasmør*, lanettevoks*, lanolin, aloe vera*, jojobaolje*, hampfrøolje*, nattlysolje*, nypefrøolje*, granateplefrøolje*, avocadoolje*, a-vitamin, e-vitamin*, kamilletinktur*, ringblomekstrakt* og eterisk olje av geranium*. *= frå økologisk landbruk

renseskum:: Reinseskum
skånsom reingjering av ansikt. Inneheld sukkertensider (supersulfat) som er eit mildt såpestoff, og glyserin
som er fuktgjevande. Ringblomekstrakt er helande, lindrande og gjenoppbyggande. Eigner seg også som barberskum. Kjem i ei skumflaske som gjer renseskummet veldig drøyt. Inneheld 150 ml.
Innhald: vatn, supersulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), emulsterna, natriumbenzoat, ringblomekstrakt* og eterisk olje av lavendel*, bergamott*, niaouli*og geranium* 150 ml.  *= frå økologisk landbruk

 

ansiktsrens grøn leire:: Ansiktsrens/maske med leire
For urein hud med grøn leire/ for tørr og sensitiv hud med rosa leire

Ein fast ansiktsrensekrem basert på oljerensingsmetoden. Det vil seie at ein brukar olje til å løyse opp fett og smuss på huden, og ein etterlater huda reinsa, men ikkje uttørka. Eg har laga min eigen vri med sheasmør og kakaosmør blanda med mandelolje, ricinusolje, kvit og rosa leire. Fettstoffa er med på å løyse opp fett frå huda, mens leira reinser i djupna.

Rensen kan godt sitje på i 10 min, då fungerer den som ein ansiktsmaske. Leira trekk ut smuss og skit frå huda, ansiktsrens med rosa leire_mindremen oljene og smøret reingjer samtidig som det gjer fukt til huda. Niaouli verkar sårhelande og styrkande på huda, og er god for urein hud.
Innhald: uraffinert sheasmør*, uraffinert kakaosmør*, grøn leire/rosa leire, kaolin (kvit leire),  mandelolje*, ricinusolje*, e-vitaminolje* og eterisk olje av niaouli * = frå økologisk landbruk

 

 

leppepomade_ute:: Leppepomade med bivoks og peparmynte
Ein kjølande leppepomade for såre lepper. Veldig god viss du er plaga med såre lepper i kaldt vær. Peparmynteolje gir ein kjølande og lindrande effekt. 4,5 g.

Inneheld bivoks*, uraffinert kokosolje*, tistelolje*, e-vitamin* og eterisk olje av peparmynte*. *=frå økologisk landbruk

 

farga-leppepomade-1:: Farga leppepomade
Ein pleiande leppepomade for deg som ynskjer ein diskret farge på leppene. Leppomaden gir litt glans og ein forsiktig raudfarge til leppene. 4,5 g.

Innhald: uraffinert kakaosmør*, sesamolje *, ricinusolje*, bivoks*, e-vitamin* og fargepigment av leire.
*=frå økologisk landbruk

 

Posted on

Tilbod den neste veka!

No har Rein hudpleie snart passert 300 solgte produkt på Epla. Det har eg lyst til å feire med eit ekstratilbod den neste veka. Alle som handler frå i dag søndag til og med fredag får eit gåvekort på kjøpet til ein verdi av 150,- som ein enten kan bruke i løpet av denne handelen (då sender du ei melding om kva du vil eg skal legge ved) eller som du kan spare til neste gong, eller gi til nokon du kjenner.

handsalve_ute

Posted on

Ringblomhausting og veka på Instagram

Ringblomane mine har ikkje gjort det så bra i år, me kom seint igang med såinga på grunn av den kalde vinteren. Også hadde eg nokre veldig irriterende høner som grov opp alle småplantene mine gang på gang. Tross alt, no står dei som overlevde i blom og eg har hausta dei første i dag. Me får håpe på ein varm og fin haust slik at eg får hausta det eg treng til å lage ringblomsalve i vinter.

Posted on

Å reinse huda med olje

Eg lova for ei tid tilbake at eg skulle skrive eit innlegg om oljereinsingsmetoden. Som vanleg strekk ikkje tida mi heilt til, og når eg i tillegg leste desse to blogginnlegga frå flinke Crunchy Betty, så tek eg ein litt lettvint utveg denne gongen og deler lenkene til to grundige og gode innlegg. Ho har fortel litt om kvifor det er bra å reinse huda med olje, og har eksperimentert ein heil del med ulike oljer og blandinger. Eg for min del har det siste halve året brukt min eigen ansiktsrens med leire, og syns den fungerer veldig bra. Men her er iallefall ein del bakgrunn og tips til dei av dykk som vil eksperimentere litt meir:

http://www.crunchybetty.com/nitty-gritty-on-the-oil-cleansing-method

http://www.crunchybetty.com/trying-and-troubleshooting-the-oil-cleansing-method-tips-for-flawless-oil-cleansed-skin

 

 

Posted on

Stor ansiktspakke

I dag har eg laga ein ansiktspakke.  Her får du alt du treng til ansiktet, til litt redusert pris når du kjøper alt samla.

Pakken består av:

:: ansiktsrens/maske
:: renseskum
:: ansiktsolje (bruk i staden for dagkrem)
:: anti-rynke serum (bruk i staden for nattkrem)

ansiktspakke_edited-1

ANSIKSRENS/MASKE:
Ein fast ansiktsrensekrem basert på oljerensingsmetoden. Det vil seie at ein brukar olje til å løyse opp fett og smuss på huden, og ein etterlater huda reinsa, men ikkje uttørka. Eg har laga min eigen vri med sheasmør og kakaosmør blanda med mandelolje, ricinusolje, kvit og rosa leire. Fettstoffa er med på å løyse opp fett frå huda, mens leira reinser i djupna.

Del rensestykket opp i firkantar omlag som ein fingertupp. Om kvelden skyller du ansiktet i varmt vatn, ta ein bit av ansiktsrensen i handa og smelt det ved hjelp av varmen i handa og litt varmt vatn. Gni rensen godt inn i ansiktet med sirkelbevegelser. Lat virke ei lita stund og bruk ein vaskeklut med varmt vatn for å skylle av. Tørk forskitig og ta på olje/fuktigheitskrem dersom du har behov for meir fuktigheit.

Rensen kan godt sitje på i 10 min, då fungerer den som ein ansiktsmaske. Leira trekk ut smuss og skit frå huda, men oljene og smøret reingjer samtidig som det gjer fukt til huda. Niaouli verkar sårhelande og styrkande på huda, og er god for urein hud.

Inneheld: uraffinert sheasmør*,
kakaosmør*, kaolin (kvit leire), rosa leire, mandelolje*,ricinusolje*, e-vitaminolje*
og eterisk olje av niaouli
= frå økologisk landbruk Inneheld omlag 50 gram. NB:velg mellom den raude rensen til normal/sensitiv hud, eller den grøne til urein/kominasjonshud. Skriv i kommentarfeltet kva slags rens du vil ha.

RENSESKUM:
For skånsom reingjering av ansikt.
Inneheld sukkertensider (supersulfat)
som er eit mildt såpestoff, og glyserin
som er fuktgjevande. Havalgeekstrakt
er mjukgjerande, lindrande og
gjenoppbyggande. Eigner seg også som barberskum. Kjem i ei skumflaske som gjer renseskummet veldig drøyt.

Inneheld:
vatn, supersulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), emulsterna, natriumbenzoat, havalgeelstrakt,
eterisk olje av lavendel*, bergamott*, niaouli*
og geranium* Inneheld 150 ml.*= frå økologisk landbruk

ANSIKTSOLJE:
Bruk ansiktsolje i staden for fuktigheitskrem etter ansiktsvask/rens. Olja trekker raskt inn i huda, og sørger for god fuktigheit. Avocadoolje er rik på vitamin, jojobaolje er svært lik vår eigen hud og vert svært for absorbert. Mandelolje er god til tørr, kløande og irritert hud hud, og hampfrøolje er lindrande og mjukgjerande. Ansiktsolja inneheld like mykje av kvar av desse oljene. I tillegg er det tilsatt nokre dråper etrisk olje av lavendel. Inneheld 30 ml, og haldbar i minst eitt år etter opning.

Olje trenger djupare inn i huda enn vanlig fuktighetskrem, og gir masse næring til dei inneste hudlaga i ansiktet. Veldig drøy i bruk. Olja kjem i ei blå glasflaske som beskytter mot lys, og har ein praktisk dråpeteljar i loket.

ANTI-RYNKE SERUM:
Bruk serumet i staden for fuktighetskrem om kvelden. Masser eit tynt lag på fuktig hud etter rensing. Oljene trekker raskt inn i huden, og gir mykje næring djupt inn i huda. Nyperoseolje er oppstrammande og reparer arr, den er også rik på vitamin A som stimulerer til cellefornying. Granatepleolje er full av vitamin og antioksidantar, desse nøytraliserer frie radikaler som fører til aldring av huda. Avocado, jojoba og mandelolje er alle næringsrike oljer som gir næring og fuktighet til huda.

Olja kjem i ei blå glasflaske med dråpeteljar. Det blå glaset beskytter mot lys, og gjer at serumet held seg lenger.

Innhald: jojobaolje*, mandelolje, avocadoolje*, granateplefrøolje*, nyperoseolje*, e-vitamin* og eterisk olje av geranium*, ylang-ylang* og bergamott*. *=frå økologisk landbruk

Posted on

Har du lyst til å prøve eit nytt produkt?

Eg har fått spørsmål frå fleire kunder om og kan lage kroppsvask og handvask. Tilbakemelding på sjampoen har gått på at den skummer fint viss ein bruker den som kroppsvask, men den er litt for tyntflytande til å vere skikkelig effektiv. Eg jobbar litt med å finne ut av noko som passer som tjukningsmiddel, og har laga ein versjon med guargummi. Denne vert litt klumpete, så eg må jobbe litt meir med å finne noko som passer betre. Det neste på utprøvingslista mi er carragenan som er ein slags stivelse laga av alger. Men inntil vidare har eg tre flasker kroppsvask som eg tenkte å gi vekk til dei tre neste som handler for over 300,- på Epla. Den luktar frisk og godt av sitrus, og skummer godt. Og ikkje minst så er den 100% nedbrytbar i motsetning til såper og kroppsvasker som inneheld silikon og konserveringsmiddel.

kroppsvask

Posted on

Produktoppdatering

Sommaren nærmar seg vel slutten enten me vil eller ikkje, og eg for min del håpar hausten bringer med seg litt roligare dagar. Utenom hudpleie driv me jo med iskrem, og sommaren er høgsesong for oss. Hausten vert nok prega av ein del hausting, safting og sylting. I tillegg håpar eg at eg vil få tid til å realisere nokre fleire av produktplanane mine. Eg har sagt til meg sjølv mange gonger at det sikkert ikkje er lurt å ha altfor mange ulike produkt år ein driv så lite som meg. Men så er det jo fryktelig kjekt å koke i hop nye ting, i tillegg så hender det at eg får spørsmål frå kunder om det eine og det andre som dei ønsker seg. Og då må eg sjølvsagt prøve på det. Eit eksempel på det siste er kroppssmøret som eg har jobba ein del med i sommar, og som eg no endelig er nøgd med både når det gjeld duft og konsistens.

kroppssmør

Vidare så har eg laga ein myggspray, no er vel sesongen litt på hell, men det hender at nokon treng slikt når dei skal på ferie til varmare strøk.

myggspray

Eit produkt som eg har brukt sjølv ei god stund og som eg likar godt er ansiktsrens basert på oljereinsingsmetoden. Denne består av ulike fettstoff og oljer blanda med leire. Fettet løyser opp fett og smuss på huda mens leira reingjer i djupna. Eg kjem til å skrive eit innlegg her om oljereinsingsmetoden snart.

ansiktsrens med rosa leire_mindreansiktsrens grøn leire_2

 

Posted on

Kroppssmør

Sommaren er her for fullt, og det er høgsesong for det eg eigentleg driv med.  Men gøy har det vore desse månadane siden eg starta med Rein hudpleie. I starten såg eg for meg at dette skulle bli ein vinter-syssel, men pågangen har vore såpass stor at eg må sysle jevnt og trutt. No for tida jobbar eg med å finpusse eit nytt produkt, Kroppssmør. Kvar kveld smører eg meg inn med dette deilige smøret, og jammen vert huden mjuk og fin. For meg som er mykje ute om dagane, og er mykje utsett for vêr og vind (og stikkebusker), så har det virkelig gjort godt.


Mykje aloe vera gjer at det også egner seg etter at ein har fått litt mykje sol. Konsistensen har eg vore litt misfornøyd med, men no byrjar det å nærme seg. Håpar å få det på plass i Epla-butikken i løpet av veka.

Dei siste vekene på Instagram: