Posted on

Produktoppdatering

Sommaren nærmar seg vel slutten enten me vil eller ikkje, og eg for min del håpar hausten bringer med seg litt roligare dagar. Utenom hudpleie driv me jo med iskrem, og sommaren er høgsesong for oss. Hausten vert nok prega av ein del hausting, safting og sylting. I tillegg håpar eg at eg vil få tid til å realisere nokre fleire av produktplanane mine. Eg har sagt til meg sjølv mange gonger at det sikkert ikkje er lurt å ha altfor mange ulike produkt år ein driv så lite som meg. Men så er det jo fryktelig kjekt å koke i hop nye ting, i tillegg så hender det at eg får spørsmål frå kunder om det eine og det andre som dei ønsker seg. Og då må eg sjølvsagt prøve på det. Eit eksempel på det siste er kroppssmøret som eg har jobba ein del med i sommar, og som eg no endelig er nøgd med både når det gjeld duft og konsistens.

kroppssmør

Vidare så har eg laga ein myggspray, no er vel sesongen litt på hell, men det hender at nokon treng slikt når dei skal på ferie til varmare strøk.

myggspray

Eit produkt som eg har brukt sjølv ei god stund og som eg likar godt er ansiktsrens basert på oljereinsingsmetoden. Denne består av ulike fettstoff og oljer blanda med leire. Fettet løyser opp fett og smuss på huda mens leira reingjer i djupna. Eg kjem til å skrive eit innlegg her om oljereinsingsmetoden snart.

ansiktsrens med rosa leire_mindreansiktsrens grøn leire_2

 

Posted on

Kroppssmør

Sommaren er her for fullt, og det er høgsesong for det eg eigentleg driv med.  Men gøy har det vore desse månadane siden eg starta med Rein hudpleie. I starten såg eg for meg at dette skulle bli ein vinter-syssel, men pågangen har vore såpass stor at eg må sysle jevnt og trutt. No for tida jobbar eg med å finpusse eit nytt produkt, Kroppssmør. Kvar kveld smører eg meg inn med dette deilige smøret, og jammen vert huden mjuk og fin. For meg som er mykje ute om dagane, og er mykje utsett for vêr og vind (og stikkebusker), så har det virkelig gjort godt.


Mykje aloe vera gjer at det også egner seg etter at ein har fått litt mykje sol. Konsistensen har eg vore litt misfornøyd med, men no byrjar det å nærme seg. Håpar å få det på plass i Epla-butikken i løpet av veka.

Dei siste vekene på Instagram: