Posted on

Nyhende!

Denne veka har eg lansert fleire nyhende i nettbutikken, nokre har fått omtale på Facebook og Instagram, andre har berre poppa opp i stillhet. Her kan du sjå kva som er nytt:

 

 

 

 

Posted on

Rabattkode

Ringblomhaustinga er i full gang, det har den vel eigentleg vore lenge. Men no ser eg at avlinga blir ganske stor, trass i dårleg ver og innpåslitne høner. For å feire har eg ein rabattkode du kan bruke, den gir deg 20 %  rabatt heile helga.

Bruk rabattkoden calendula. God handel, og god helg!

Posted on

Vil du anmelde produkta?

Eg har no ein rabattkupong til deg som legg igjen ei produktmelding i nettbutikken. Når du har gjort det sender du ein epost til reinhudpleie(@)gmail.com, også får du rabattkoden som gir deg rabatt på ditt neste kjøp hos Rein hudpleie.

Det er også no eit val i nettbutikken der ein kan betale direkte på konto for deg som ikkje ynskjer å bruke PayPal.
Når betalinga er registrert vert varene sendt.

 

Posted on

Jubalong!

Litt etter litt tar fersk heimeside form, og ny nettbutikk byrjar å koma på plass. Etter nokre år med Epla-butikk så kjenner eg no at eg har lyst på min eigen nettbutikk der eg kan kategorisere varer, og der eg kan kjøre sal og kampanjer innimellom. Eg jobbar stadig med å få optimal bladbunad, så eg håpar du er tolmodig med meg inntil vidare om sida tar litt langt tid å laste inn, og om produkta står litt hulter til bulter. Det kan hjelpe å trykke F5 om sida ser litt rar ut.

Fram til sundag får du 20% avslag på heile handelen din på heimesida ved bruk av rabattkoden jubalong

Posted on

Phenoxyetanol

Phenoxyetanol er eit konserveringsmiddel som no vert brukt i mange produkt som er merka som parabenfritt.  Dette er ei fargelaus, oljete væske som er antibakteriell. Det vil seie at produkt som fort kan mygle då dei inneheld vatn får auka haldbarheit når dei vert tilsett phenoxyetanol. Industrien hevdar at dette konserveringsmiddelet er mildare og mindre skadeleg enn parabener. Likevel vert det rekna som «moderate hazard», altså middels farleg. Phenoxyetanol er knytta til mellom anna kreft, allergi, det er svært irriterande for auger og slimhinner, irriterande for lungane og huda. I dyreforsøk har mus som har vore utsett for dette middelet fått cellemutasjonar.

Phenoxyetanol vert rekna som ein hormonhermar (endocrine disruptor) som altså kan gi hormonforstyrringar, og vert spesielt knytt til problem med reproduksjon. I tillegg til å kunne skape problem for menneska som brukar produkt med hormonhermarar så skapar dei enorme problem for livet i vatn der konsentrasjonane byrjar å verte store. Hugs at sjølv om eit produkt gir seg ut for å vere økologisk så er det ingen garanti for at dette produktet ikkje inneheld konserveringsmiddel som phenoxyetanol.

For meg er dette gode nok grunnar til at eg vil unngå phenoxyetanol i mine produkt. Dette gjer at dei får kortare haldbarheit, og det begrensar kva slags produkt eg kan lage. Eg skjønar at nokre produsentar brukar dette for å auke haldbarheita, men dei produkta prøver eg å unngå og eg unngår iallefall å bruke dei på ungane mine.

Internett er som vanleg fullt av info i både den eine og andre retningen. Eg vil anbefale alle å lese litt og gjere seg opp si eiga meining.

Toxic-Cosmetics_edited-1

Posted on

Ingrediensane som eg IKKJE vil bruke

Ein av grunnane til at eg starta å lage mine eigne hudpleieprodukt var for å unngå ingrediensar som eg ikkje trur er heldige over lang tid. Og spesielt trur eg at små born må vernas så godt det går. Kvar dag er dei (og me) borti veldig mange kjemikalier, og me veit lite om kva effekt det eigentleg har på kroppen. Me veit at me skal halde oss vekke frå parabener som er hormonhermande. Men industrien er kjapt ute og finn ertstatninger for desse stoffa som vert mykje omtala i media, og erstatningane er ofte ikkje noko betre. Det er litt av ein jungel å manøvrere seg gjennom, og det er nesten heilt umogeleg å halde styr på kva ein bør unngå. Eg trur at mange velger å ikkje tenkje så mykje over kva innhaldslistene inneheld for det krev for mykje arbeid å finne alternativ. Eg brukar tid på å vurdere alle ingrediensane mine nøye, og velger dei som har god effekt. Difor er kanskje ikkje fargen eller konsistensen alltid heilt perfekt for eg vel vekk ingrediensar som kun er for å pynte produktet. For å gjere saka litt enklare for meg og deg så har eg tenkt å lage ein serie som tar for seg ingrediensar eg ikkje vil bruke, og prøve å forklare kvifor. På denne  sida om ingrediensar prøver eg å forklare dei ulike ingrediensane som eg brukar, og kva dei gjer. Eg har tidlegare skreve litt om konserveringsmiddel, og eg kjem til å ta for meg eit av desse i første innlegg som kjem over helga, nemlig PHENOXYETANOL. 

Posted on

25% rabatt på valfritt produkt

Når eg får vaska ned det gamle mjølkerommet her på bruket, og fått sett opp ny innreiing skal eg flytte hudpleieproduksjonen inn der. Det blir flott å få eit heilt eige lokale. Rommet er ganske lite, men det er stort nok ei stund til. Så får me håpe eg må utvide igjen om ei tid. For å få litt mindre stæsj å flytte på så har eg eit lite tilbod på gang. 25% avslag på valfritt produkt i nettbutikken. Avslaget blir refundert via paypal etter betaling.

Posted on

Solkrem og myggolje

Eg har fått på plass ny emballasje og kan no tilby solkrem med solfaktor 10 og 20 igjen. Denne gongen kjem det i ei lita praktisk pumpeflaske på 60 ml. Akkurat i dag er slit Epla-butikken med serverproblem, så eg får ikkje lagt dei ut for sal. Prisen er 150,- og om du vil kjøpe så send meg ein epost.

I tillegg har eg på plass myggolje. Denne skal halde både mygg og flått vekke. Den inneheld eterisk olje av sitronelle, peparmynte, eucalytus og lavendel i ein base av sesamolje. Alle desse eteriske oljene er kjende for å vere insektavvisande. Myggolja kostar 85,-

myggolje

  solkremspf20 60ml

solkremspf10 60ml