Posted on

Hei mars!

Vårsola er her med sine skarpe strålar, og det er viktig å tenkje på korleis du verner huda mot skadar no når me tilbringer meir tid ute. Huden i ansiktet får lett solskader og pigmentflekker siden den er utsett for ver og vind heile tida. UVA-strålar kan bidra til tidlig aldring av huden og pigmentflekker, mens UVB-stråler gjer at ein vert solbrent. Begge typar stråling kan auke faren for å utvikle hudkreft. Difor er det viktig å bruka solkrem som vernar både mot UVA- og UVB-strålar. Rein brukar kun fysisk solfilter i sine solprodukt, fysisk solfilter gir godt vern mot all UV-stråling ved å legge seg som eit tynt lag utenpå huden som reflekterer vekk strålinga. Solfilter består av Tiosol som er finkorna titandioksid uten nano-partiklar.

Kjemisk solfilter trenger ned i huden og stoppar strålinga gjennom ein kjemisk prosess. Kjemisk solfilter gir også godt vern, men kjemikaliene som vert brukt er i mange tilfelle hormonhermarar. Desse har vist seg å vere skadeleg for livet i havet, og spesielt korallreva i tropiske strøk har blitt påverka av dette. Difor ser me no at fleire plassar forbyr bruk av solkrem som inneheld skadelege ingredienser. Desse er mellom anna oxybenzone, avobenzone, octocrylene, homosalate og octinoxate.

Posted on

Rabattkode

Ringblomhaustinga er i full gang, det har den vel eigentleg vore lenge. Men no ser eg at avlinga blir ganske stor, trass i dårleg ver og innpåslitne høner. For å feire har eg ein rabattkode du kan bruke, den gir deg 20 %  rabatt heile helga.

Bruk rabattkoden calendula. God handel, og god helg!

Posted on

Phenoxyetanol

Phenoxyetanol er eit konserveringsmiddel som no vert brukt i mange produkt som er merka som parabenfritt.  Dette er ei fargelaus, oljete væske som er antibakteriell. Det vil seie at produkt som fort kan mygle då dei inneheld vatn får auka haldbarheit når dei vert tilsett phenoxyetanol. Industrien hevdar at dette konserveringsmiddelet er mildare og mindre skadeleg enn parabener. Likevel vert det rekna som «moderate hazard», altså middels farleg. Phenoxyetanol er knytta til mellom anna kreft, allergi, det er svært irriterande for auger og slimhinner, irriterande for lungane og huda. I dyreforsøk har mus som har vore utsett for dette middelet fått cellemutasjonar.

Phenoxyetanol vert rekna som ein hormonhermar (endocrine disruptor) som altså kan gi hormonforstyrringar, og vert spesielt knytt til problem med reproduksjon. I tillegg til å kunne skape problem for menneska som brukar produkt med hormonhermarar så skapar dei enorme problem for livet i vatn der konsentrasjonane byrjar å verte store. Hugs at sjølv om eit produkt gir seg ut for å vere økologisk så er det ingen garanti for at dette produktet ikkje inneheld konserveringsmiddel som phenoxyetanol.

For meg er dette gode nok grunnar til at eg vil unngå phenoxyetanol i mine produkt. Dette gjer at dei får kortare haldbarheit, og det begrensar kva slags produkt eg kan lage. Eg skjønar at nokre produsentar brukar dette for å auke haldbarheita, men dei produkta prøver eg å unngå og eg unngår iallefall å bruke dei på ungane mine.

Internett er som vanleg fullt av info i både den eine og andre retningen. Eg vil anbefale alle å lese litt og gjere seg opp si eiga meining.

Toxic-Cosmetics_edited-1

Posted on

Ingrediensane som eg IKKJE vil bruke

Ein av grunnane til at eg starta å lage mine eigne hudpleieprodukt var for å unngå ingrediensar som eg ikkje trur er heldige over lang tid. Og spesielt trur eg at små born må vernas så godt det går. Kvar dag er dei (og me) borti veldig mange kjemikalier, og me veit lite om kva effekt det eigentleg har på kroppen. Me veit at me skal halde oss vekke frå parabener som er hormonhermande. Men industrien er kjapt ute og finn ertstatninger for desse stoffa som vert mykje omtala i media, og erstatningane er ofte ikkje noko betre. Det er litt av ein jungel å manøvrere seg gjennom, og det er nesten heilt umogeleg å halde styr på kva ein bør unngå. Eg trur at mange velger å ikkje tenkje så mykje over kva innhaldslistene inneheld for det krev for mykje arbeid å finne alternativ. Eg brukar tid på å vurdere alle ingrediensane mine nøye, og velger dei som har god effekt. Difor er kanskje ikkje fargen eller konsistensen alltid heilt perfekt for eg vel vekk ingrediensar som kun er for å pynte produktet. For å gjere saka litt enklare for meg og deg så har eg tenkt å lage ein serie som tar for seg ingrediensar eg ikkje vil bruke, og prøve å forklare kvifor. På denne  sida om ingrediensar prøver eg å forklare dei ulike ingrediensane som eg brukar, og kva dei gjer. Eg har tidlegare skreve litt om konserveringsmiddel, og eg kjem til å ta for meg eit av desse i første innlegg som kjem over helga, nemlig PHENOXYETANOL. 

Posted on

Om økologiske ingrediensar

Til og med for meg som driv i bransjen er det avogtil forvirrande å finne ut kor økologiske hudpleieprodukt verkeleg er. Før eg starta Rein hudpleie trudde eg at alle produkt og seriar som brukte økologisk i beskrivelsen sin var heilt økologiske. Dette er ikkje tilfelle. Faktisk vart dette noko av motivasjonen for å starte opp sjølv, for eg syns det var vanskelig å finne produkt som virkelig var heiløkologiske. Når ein studerer innhaldslista så viser det seg at det kanskje er ein eller to økologiske ingrediensar, og det er nok til at produktet vert løfta fram som økologisk. Dette syns eg faktisk ikkje er godt nok. Det er heller ikkje godt nok påstå at viss ingrediensane er «naturlege» så er produktet økologisk.

Når dette er sagt så er heller ikkje alle mine produkt 100% økologiske. Men eg er heilt bevisst på at finst det eit økologisk alternativ så velger eg det, sjølv om det kanskje er tre gonger så dyrt. Men det er ikkje alt som finst å få tak i økologisk. Eksempel på dette er lanolin, såpestoff og lanettevoks. Men når eg velger konvensjonelle ingrediensar har eg ein god grunn for det, og den grunnen er ikkje pris.  Samtidig så velger eg vekk mange gode ingredienser fordi dei ikkje finst økologisk. Uansett så syns eg at det bør vere skikkelig og tydelig merking på alt, og eg blir litt provosert når hudpleieprodukt som inneheld nokre få økologiske ingrediensar vert framtilt som økologiske. Då er det eit valg som mest sanlynleg går på pris, ikkje tilgjengelighet.

For meg er det også viktig å ha ingrediensar som er framstilt på berekraftig vis, og som kan brytast ned i naturen etter bruk. Eg brukar plast- og metallemballsje, men denne er laga av resirkulert materiale, og kan gjenvinnast etter bruk. Eg er stadig på leit etter endå meir miljøvenleg emballasje, men import er vanskelig og ikkje minst dyrt for oss småprodusentar.

For å gjere det så enkelt som mogeleg for forbukarane har eg tydeleg merking med innhaldsliste på framsida av alle produkt, og har i tillegg ei liste over alle ingrediensar som eg brukar her på heimesida.

Posted on

Stor ansiktspakke

I dag har eg laga ein ansiktspakke.  Her får du alt du treng til ansiktet, til litt redusert pris når du kjøper alt samla.

Pakken består av:

:: ansiktsrens/maske
:: renseskum
:: ansiktsolje (bruk i staden for dagkrem)
:: anti-rynke serum (bruk i staden for nattkrem)

ansiktspakke_edited-1

ANSIKSRENS/MASKE:
Ein fast ansiktsrensekrem basert på oljerensingsmetoden. Det vil seie at ein brukar olje til å løyse opp fett og smuss på huden, og ein etterlater huda reinsa, men ikkje uttørka. Eg har laga min eigen vri med sheasmør og kakaosmør blanda med mandelolje, ricinusolje, kvit og rosa leire. Fettstoffa er med på å løyse opp fett frå huda, mens leira reinser i djupna.

Del rensestykket opp i firkantar omlag som ein fingertupp. Om kvelden skyller du ansiktet i varmt vatn, ta ein bit av ansiktsrensen i handa og smelt det ved hjelp av varmen i handa og litt varmt vatn. Gni rensen godt inn i ansiktet med sirkelbevegelser. Lat virke ei lita stund og bruk ein vaskeklut med varmt vatn for å skylle av. Tørk forskitig og ta på olje/fuktigheitskrem dersom du har behov for meir fuktigheit.

Rensen kan godt sitje på i 10 min, då fungerer den som ein ansiktsmaske. Leira trekk ut smuss og skit frå huda, men oljene og smøret reingjer samtidig som det gjer fukt til huda. Niaouli verkar sårhelande og styrkande på huda, og er god for urein hud.

Inneheld: uraffinert sheasmør*,
kakaosmør*, kaolin (kvit leire), rosa leire, mandelolje*,ricinusolje*, e-vitaminolje*
og eterisk olje av niaouli
= frå økologisk landbruk Inneheld omlag 50 gram. NB:velg mellom den raude rensen til normal/sensitiv hud, eller den grøne til urein/kominasjonshud. Skriv i kommentarfeltet kva slags rens du vil ha.

RENSESKUM:
For skånsom reingjering av ansikt.
Inneheld sukkertensider (supersulfat)
som er eit mildt såpestoff, og glyserin
som er fuktgjevande. Havalgeekstrakt
er mjukgjerande, lindrande og
gjenoppbyggande. Eigner seg også som barberskum. Kjem i ei skumflaske som gjer renseskummet veldig drøyt.

Inneheld:
vatn, supersulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), emulsterna, natriumbenzoat, havalgeelstrakt,
eterisk olje av lavendel*, bergamott*, niaouli*
og geranium* Inneheld 150 ml.*= frå økologisk landbruk

ANSIKTSOLJE:
Bruk ansiktsolje i staden for fuktigheitskrem etter ansiktsvask/rens. Olja trekker raskt inn i huda, og sørger for god fuktigheit. Avocadoolje er rik på vitamin, jojobaolje er svært lik vår eigen hud og vert svært for absorbert. Mandelolje er god til tørr, kløande og irritert hud hud, og hampfrøolje er lindrande og mjukgjerande. Ansiktsolja inneheld like mykje av kvar av desse oljene. I tillegg er det tilsatt nokre dråper etrisk olje av lavendel. Inneheld 30 ml, og haldbar i minst eitt år etter opning.

Olje trenger djupare inn i huda enn vanlig fuktighetskrem, og gir masse næring til dei inneste hudlaga i ansiktet. Veldig drøy i bruk. Olja kjem i ei blå glasflaske som beskytter mot lys, og har ein praktisk dråpeteljar i loket.

ANTI-RYNKE SERUM:
Bruk serumet i staden for fuktighetskrem om kvelden. Masser eit tynt lag på fuktig hud etter rensing. Oljene trekker raskt inn i huden, og gir mykje næring djupt inn i huda. Nyperoseolje er oppstrammande og reparer arr, den er også rik på vitamin A som stimulerer til cellefornying. Granatepleolje er full av vitamin og antioksidantar, desse nøytraliserer frie radikaler som fører til aldring av huda. Avocado, jojoba og mandelolje er alle næringsrike oljer som gir næring og fuktighet til huda.

Olja kjem i ei blå glasflaske med dråpeteljar. Det blå glaset beskytter mot lys, og gjer at serumet held seg lenger.

Innhald: jojobaolje*, mandelolje, avocadoolje*, granateplefrøolje*, nyperoseolje*, e-vitamin* og eterisk olje av geranium*, ylang-ylang* og bergamott*. *=frå økologisk landbruk

Posted on

Nytt produkt – solkrem!

Endeleg er solkrem med faktor 20 på plass. Eg kjem til å lage faktor 10 også, tillegg til å ha ansiktsolje med solfaktor.  Denne solkremen brukar tiosol som er finkorna titandioksid som solfilter. Dette er eit fysisk solfilter og ikkje eit kjemisk. Det legg seg utanpå huda og verner mot UV-A og UV-B-stråler. Titandioksidet i tiosolen absorberer og reflekterer stålene frå sola. Tiosol er også eit solfilter som ikkje er kjent for å skape allergiske reaksjoner. I tillegg inneheld den bivoks for å gjere den vassavvisande. Sheasmør, jojobaolje og mandelolje sørger for å gi masse næring til huda, e-vitamin førebygg danninga av frie radikaler som aldrar huda, a-vitamin vernar mot solskade og soleksem. Karotin gjer solkremen litt gul slik at den ikkje viser så godt igjen på huda.

Eg anbefalar at ein smørjer seg jamnleg for å vere på den sikre sida. Produktsida venter på ein oppdatering, tida går så frykteleg fort om dagane!

No er me iallefall klare for sommaren her i huset med ein solkrem som pleier huda i tillegg til å verne den! Vil du prøve?

solkrem spf 20 lysare

Posted on

Nytt produkt – sjampo

Sjampoen finst to variantar:

:: med brennenesleutrekk – for mørkt hår – brennenesle styrkjer hårrøtene og motverkar flass. Ho gjer også håret blankt og fyldig, reinser og stimulerer blodsirkulasjonen.

:: med kamilleuttrekk – for lyst hår – Kamille er kjend for å lysne hår, skal også dempe kløe og utslett.

Elles inneheld sjampoane det same:
Sulfat – mildt såpestoff basert på kokos og palmekjerneolje. 99-100% nedbrytbart
Guarmjøl – tjukningsmiddel og verkar antistatisk, gjer håret mjukare og lettare å gre ut.
Aloe vera – av økologisk dyrka aloe. Verkar mjukgjerande, lindrande og gjennoppbyggande.
Brennesletinktur – motverkar flass.
Pantenol pro vitamin B5 – verkar regenererande, reparerande, fuktighetsbevarande og vernande
Natriumbenzoat – til konservering, nedbrytbart, ingen kjende bivirkningar
Eterisk oje av lavendel, bergamott, peparmynte og rosmarin – eterisk olje av lavendel har ein styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar hudlækjande og smertestillande. Eterisk olje av bergamott verkar stabiliserande på humøret. Eterisk olje av rosmarin stimulerer hårveksten.
Sitronsyre – 
brukas for å senke pHen

Sjampoen har ein pH på omlag 4, det gjer miljøet for surt for dei fleste bakterier og muggsoppar, samtidig som det er gunstig for huda.  Eg anbefalar likevel at sjampoen vert brukt opp i løpet av 6 månader. Då dette produktet inneheld vatn ser eg meg nøydd til å bruke litt natriumbenzoat til å konservere sjampoar og dusjsåper. Desse er utsette for muggsoppar då dei inneheld vatn og dei oppbevaras i varme miljø.  Natriumbenzoat er er natriumsalt av benzosyre som fint naturleg i mellom anna benzoeharpiks og tytebær.

mork-sjampo

 

 

Posted on

Konserveringsmiddel

Ein av dei tinga eg har brukt mykje tid på sidan eg byrja med Rein hudpleie er å lære meir om ulike konserveringsmiddel. Her er det mykje rart! Dette er eit stort område, og svært komplisert. Dei fleste har vel høyrt om parabener, og prøver å unngå desse. Det som då skjer er at industrien kjem opp med nye middel som i nokre tilfelle er verre, men det tar såpass lang tid før alle skjøner at det også er farlig. Så når det står uten parabener på produkt som tidlegare har hatt det i ingredienslista så finn du heilt sikkert noko slikt som phenoxyetanol, etylhexylglyserin, phenoxyglyserin og sikkert mange andre i tillegg.

Grunnen til at det er nødvendig med konserveringsmiddel i mykje hudpleieprodukt er at vatn gir bakterier og muggsoppar kjempegode forhold. Veldig mange av dei vanlige hudpleieprodukta består av mykje vatn. Når store mengder skal lagas, og distribueras utover eit stort område så må det også halde seg lenge. Her har småprodusenter som meg nokre fordeler, me lager små porsjoner og får det raskt ut til kundane våre. Då er det vanligvis ikkje nødvendig med slike konserveringsmiddel. Eg prøvar i tillegg å unngå vatn så godt som eg kan, eg vil heller lage konsentrerte produkt.

Hormonforstyrrande stoff virkar inn på hormonsystema våre med å etterlikna, hemma eller auke verknaden av hormon i kroppen. Små born er mest følsomme, og dei hormonforstyrrande stoffa kan føre til dårligare fruktbarheit, misdannelsar på kjønnsorgan, og bryst- og testikkelkreft. I nyare tid har slike stoff også blitt sett i samanheng med atferdsproble, diabetes og overvekt.

Dei vanligste brukt i hudpleie/kosmetikk:

:: Paraben

Alle paraben står på EUs kandidatliste for hormonforstyrrande stoff i kategori 1. Det betyr at alle paraben har vist hormonforstyrrande effekter i minst eitt dyreforsøk. Hormonforstyrrende stoffer vert og mistenkte for å kunne påvirke fruktbarheit, kjønnsutvikling og læringsevne. Hormonforstyrrande stoff er også sett i samanheng med enkelte former for kreft.

:: Phenoxyetanol/phenoxyglyserin

Blir brukt både til duft og som konservering. Dette middelet er mykje brukt der det står parabenfritt på framsida av flaska! Forskning viser at dette stoffet påvirker fruktbarheit, kan irritere huda, dyreforsøk viser skader på nervesystemet. Ofte brukt i hudpleie for baby og barn.

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::.

I tillegg til å sjå på det enkelte konserveringmiddelet og kva det gjer så er det to andre viktige ting å tenke på:

:: det er lite forsking på den såkalla «coctaileffekten», viss du bruker 5 ulike produkt på kroppen din kvar dag og alle desse inneheld eit eller fleire konserveringsmiddel, kva er den samla effekten? Mange av konserveringsmidla vert absorbert av huda, og verdiane kan bygge seg opp over tid då midla ikkje vert brotne ned. Det er reglar for kor høg konsentrasjon ulike produkt kan ha av kvart middel, men det er ikkje forska på korleis det blir når du brukar fleire produkt i lag. Då får du kanskje mangedobla den konsentrasjon som mundighetene reknar for å vere trygt (dette gjeld også for ein del av Grønn hverdag sine testar).

:: mange av desse kjemikaliene er ikkje nedbrytbare, og både produksjonen og utsleppa av desse har stor påverknad på naturen rundt oss, spesielt på dyreliv i vatn.

Posted on

Sjampo

Dei siste vekene har eg hatt veldig lyst til å jobbe litt med å lage ein eigen sjampo-oppskrift. Eg har i mange år vore opptatt av å bruke økologiske hudpleieprodukt. Men eg har ikkje alltid vore så opptatt av håret. Eg har kanskje følt litt at viss eg er flink på alt det andre så kan eg gløyme ut kva eg vaskar håret med, og gjere det litt lettvint. Men den siste tida har eg vore plaga med kløande hovudbunn og syns ikkje eg finn noko som passer for meg. Så etter mykje lesing på internett så har eg komme fram til to ting:

:: vanleg konvenjonell sjampo er noko drit

:: eg kan klare å lage ein sjampo som er laga av 100% naturlege råvarer og utan konserveringsmiddel, men den held seg berre i 4 månader.

Då var det berre til å hoppe i det, og prøve. No har eg laga 3 flasker, så då er det utprøvingstid. Velsigna som eg er med ein snill familie skal eg få litt hjelp av syster mi og mor mi til å prøve ut sjampoen.

Kvifor vanleg sjampo ikkje er bra? Dei inneheld mykje sodium laural sulfate/sodium laureth sulfate (SLS/SLES) som er kjent for å irritere hud, auge og vere skadeleg for leveren. Desse vert brukt fordi dei er billige, og skummar godt.  Dei fjerner også fettet frå huden som gjer at håret ser fint og reint ut først, men resultatet blir ofte ein kløande og flassande hovudbunn. Bruken av parfyme i vanleg sjampo forverrer dette. I tillegg er det vanlegvis ei lang liste med kjemikalier som gjer at sjampoen lukter godt, har passelig konsistens, har tilnærma ubegrensa haldbarhet og så vidare. Dei fleste av desse aner me ikkje kva er for noko, og me vil sikkert ikkje vite det heller.

Sjampoen som eg har laga inneheld vatn, sulfat (mildt såpestoff basert på kokos), perlemorsulfat (liknar sulfat, men er tilsett leiremineral for å gi perlemorseffekt), aloe vera, lavendel hydrolat, salt (gir tjukkare konsistens), brennesletinktur, stemortinktur, sitronsyre (for å seinke pH’en) og eterisk olje av lavendel.

I dag har eg brukt sjampoen for første gong, den skummar godt og ser ut til å virke bra. Då gjenstår det berre å sjå korleis det vert over tid. Kva seier du, er sjampo eit produkt du er interessert i?

sjampo1
At fargen på sjampoen matcha gardinene var sjølsagt nøye planlagt!