Posted on

Godt nytt år!

Jula her hos oss vart prega av sjukdom og innesitting. Det vart målt storm med orkan i kasta opptil fleire gonger, og me prøvde å halde varmen inne i det trekkfulle huset vårt etter beste evne, mens me knaska julekaker og såg på film.  Men no er det nye året godt i gang, og veret har tatt seg betydeleg opp. Min veldig tålmodige turvenninne Frøya har venta på at eg skal få ånden over meg og finne turlysten att. Denne veka kom den endeleg, og me har hatt oss fleire fine turar så langt. Me er så heldige at me bur på ein plass der me kan gå ut døra og rett opp i skogen. Bilda er ikkje heilt tipp topp, dei er knipsa med mobilen som eg tilfeldigvis hadde i lomma. Ein av dei tinga eg ynskjer for 2013 er at eg skal bli flinkare til å hugse å ta med meg kameraet, og at eg skal bli flinkare til å faktisk ta bilete (og flinkare til å faktisk gå på tur..)

skogsturjanuar5

skogsturjanuar8

skogsturjanuar4 skogsturjanuar2

skogsturjanuar7

Posted on

Farga leppepomade

No har eg fått laga eit produkt som eg sjølv har hatt lyst på lenge, nemlig leppepomade med farge. Eg er veldig avhengig av leppepomade og har som  oftest ein i kvar lomme. Eg er jo glad i farge på leppene også, men eg syns ofte at leppene vert så uttørka av leppestift. Samtidig så er det ofte at eg har lyst på berre litt farge, og det er her leppepoade med farge kjem inn som min nye favoritt. Prøv du også!

Posted on

Ringblomst!

Ringblomst er kjent for å ha ein helande effekt på utslett, sår og irritert hud. Den er sopphemmande, og skal vere betennelseshemmande. Derfor er den fin for oss som jobbar mykje i hagen og ofte har småsår på hendene som lett kan bli litt infiserte. Eg dyrkar all ringblomst som eg brukar i produkta mine sjølv. Eg tørkar dei i ei urtetørke, og legg dei ned i olje. Dette kan vere tistelolje, mandelolje eller olivenolje. Dei ulike oljene har ulike eigenskapar som passar til forskjellige produkt. I følge bror min som klatrar mykje i fjellet er ringblomsalve uunverleg for trøtte og såre klatrenevar. Ringblomstsalve er også veldig god for såre barnestumpar. Eg brukar den på nevane om kvelden når eg har jobba mykje i hagen, og på leppene når dei er ekstra såre. Og minstemann som endå brukar bleier får eit beskyttande lag i stumpen når det er antydning til bleieutslett.

Sorten eg dyrkar heiter Resina, som er ein som blir mykje brukt til salver og oljer då den har eit veldig høgt innhald av eterisk olje. Frøene kjøper eg frå Runåbergs frøer i Sverige. Viss du vil lære meir om ringblost er det masse god informasjon her  i Rolv Hjelmstad sitt planteleksikon. Godheita vil ingen ende ta!

Posted on

Premiere på Rein hupleie

Forrige helg gjekk Bergen Matfestival av stabelen. Det var første gong eit produkt frå Rein var for sal, så no er me igong! Foreløbig har me berre leppepomade med bivoks og peparmynte klart, men nye produkt kjem straks. Det neste på programmet no er å lage ein Epla-butikk slik at alle som er interessert kan kjøpe produktet.

Leppepomaden inneheld bivoks, kokosolje, tistelolje og ppeparmynteolje. Den er god til å ha på såre vinterlepper, og for meg som er avhenging av smørning på leppene mine når det er kaldt ute fungerer den kjempegodt. Eg har planer om ein eller to variantar med farge og nokre andre variasjonar også.