Posted on

Ingrediensane som eg IKKJE vil bruke

Ein av grunnane til at eg starta å lage mine eigne hudpleieprodukt var for å unngå ingrediensar som eg ikkje trur er heldige over lang tid. Og spesielt trur eg at små born må vernas så godt det går. Kvar dag er dei (og me) borti veldig mange kjemikalier, og me veit lite om kva effekt det eigentleg har på kroppen. Me veit at me skal halde oss vekke frå parabener som er hormonhermande. Men industrien er kjapt ute og finn ertstatninger for desse stoffa som vert mykje omtala i media, og erstatningane er ofte ikkje noko betre. Det er litt av ein jungel å manøvrere seg gjennom, og det er nesten heilt umogeleg å halde styr på kva ein bør unngå. Eg trur at mange velger å ikkje tenkje så mykje over kva innhaldslistene inneheld for det krev for mykje arbeid å finne alternativ. Eg brukar tid på å vurdere alle ingrediensane mine nøye, og velger dei som har god effekt. Difor er kanskje ikkje fargen eller konsistensen alltid heilt perfekt for eg vel vekk ingrediensar som kun er for å pynte produktet. For å gjere saka litt enklare for meg og deg så har eg tenkt å lage ein serie som tar for seg ingrediensar eg ikkje vil bruke, og prøve å forklare kvifor. På denne  sida om ingrediensar prøver eg å forklare dei ulike ingrediensane som eg brukar, og kva dei gjer. Eg har tidlegare skreve litt om konserveringsmiddel, og eg kjem til å ta for meg eit av desse i første innlegg som kjem over helga, nemlig PHENOXYETANOL.