Posted on

Nytt i hyllene

Den siste tida har det komme mykje nytt inn i den fysiske butikken, og ein del av det har også funnet vegen inn i nettbutikken. Ta gjerne kontakt om det er noko spesielt du saknar, og som du skulle ønske fanst i sortimentet.

Når ein driv sin eigen vesle nisjebutikk så er ein priviligert og kan ta inn akkurat det ein sjølv vil ha. Eg har fokus på berekraftige, økologiske og miljøvenlege varer. Så hos Rein finn du økologiske vaskemidler, bind og tamponger, koposterbare tannbørster og tannkrem utan mikroplast. Weck-glas, Beeswrap, te og kaffe i komposterbare kapsler står også i hyllene, i lag med nydelige koppar av bambus eller glas.  Også sjokolade då.