Posted on

Oljereinsing

Oljerensing satt eigentleg litt langt inne hos meg, som ein av dei tinga ein har hørt mykje bra om, og som ein eigentleg har lyst å prøve. Men så strekk ikkje alltid tida til.  Men ein god kunde kom med ein oppfordring for ei tid sida, og det fekk meg til å gå i gang med utprøving. Og no er eg frelst! Prinsippet er at likt løyser opp likt, så olje løyser opp sminke, feitt og grums frå huda, uten å tørke den ut. Smør den på tørr hud, masser forsiktig ei lita stund, og vask av med ein god og varm vaskeklut. Så lenge kluten er varm er det ikkje noko problem å vaske vekk olja. Det er to variantar, ein for normal til tørr hud, og ein for kombinasjonshud som har lett for å få utbrudd. Begge to fungerer fint på min hud, som kan vere ein blanding av alt. Og huda kjennes så deilig ut etter å ha brukt reinseolja! Det er vel verdt å bruke eit ekstra minutt eller to på badet for dette Eg avslutter med å spraye på litt ansiktsvatn også bruker eg det eg har for handa av ansiktsolje eller ansiktskrem. På kalde dagar likar eg godt å bruke ansiktskrem eller sheasalve. 

Bruk på tørr hud i ansiktet, masser inn med sirkelbevegelser i omlag 30 sekund. Vask forsiktig vekk med varmt vatn og vaskeklut. Olja er ein effektiv sminkefjernar, og reinser godt i djupna samtidig som den gir fukt.
Azulene gir olja blågrøn farge og verkar dempande på huda.