Hugs smørning i kulda!

Sibirkulda er på veg, og her på Vestlandet kjenner me det godt allereie. Då er det ekstra viktig å beskytte ansikt, lepper og hender mot ver og vind, og me kjører sal på alle salver og kremer som brukas som kuldekrem og fukt til ansiktet.   Sal Sal! Skjeggolje kr 285 kr 250 Legg i korga [Edit] […]

Rabattkode

Ringblomhaustinga er i full gang, det har den vel eigentleg vore lenge. Men no ser eg at avlinga blir ganske stor, trass i dårleg ver og innpåslitne høner. For å feire har eg ein rabattkode du kan bruke, den gir deg 20 %  rabatt heile helga. Bruk rabattkoden calendula. God handel, og god helg!

Ringblomhausting og veka på Instagram

Ringblomane mine har ikkje gjort det så bra i år, me kom seint igang med såinga på grunn av den kalde vinteren. Også hadde eg nokre veldig irriterende høner som grov opp alle småplantene mine gang på gang. Tross alt, no står dei som overlevde i blom og eg har hausta dei første i dag. […]

Travle dagar og nye produkt

For oss som prøver desperat å vere bønder er våren veldig travel, spesielt når veret er fint. Så alt innearbeid og dataskriving vert utsett til kvelden, men då er ikkje lenger energien på topp. Her hos oss er me velsigna med kveldsol til nesten 22.30 på det lengste, men av og til er det litt […]

Våren kom, – og forsvann

Eg har visst laga eit innlegg tidlegare vårteikn. Også vart det frost i vekesvis. I helga hadde me eit glimt av korlei våren brukar å vere, varm i sola og kald når sola er bakom skyene. I dag har det hagla, regna voldsomt og no bles det fælt. I følge YR skal det visst vere […]

Påska via Istagram

Jammen gjekk påska raskt her hos oss. Me hadde det ganske hektisk med besøk til begge sett med besteforeldre der me traff søsken og søskenbarn i hopetal. Tilslutt klarte me å presse inn eit lite besøk til farmor si hytte på Vågslid, og fekk oss ein tur på fjellet. Vanligvis ser eg ikkje noko poeng […]

Endeleg eit snev av vår

Eg er ein slik person som alltid trur at graset er grønare på den andre sida, eller den andre årstida i dette tilfelle. Eg lengter alltid etter den neste. Eg er nok ikkje den einaste som leitar etter vårteikn no, men uansett kva årstid me er i så er eg litt utålmodig etter neste. Og […]

Mens me venter på at isen skal tine

Her i huset går samtlige med sår hals, og me hoster og harker om kvarandre. Blogging og andre kreative krefter har gått litt i dvale til fordel for sofaligging og diverse former for underhaldning. Her hos oss er sola vekke i omlag 12 veker kvar vinter, og no har me så smått byrja å få […]