Posted on

Godt nytt år!

Me ynskjer med dette å takke alle gamle og nye kunder for eit strålande 2018. Dette var året då Rein fekk tatt eit stort steg i rett retning med nytt produksjonslokale og eigen butikk. Takk for alle gode tilbakemeldingar, og konstruktiv kritikk. Det er alltid ting ein kan bli betre på, og alle tilbakemeldingar vert sett pris på. Mest av alt likar eg å høyre kva produkt de saknar i sortimentet, blokka er alltid full av nye ideer så det kjem nok nokre nye produkt i 2019 også.

Bruk rabattkupongen GODTNYTTÅR i nettbutikken for å få 15% rabatt på din neste handel.