Om oss


Rein hudpleie er ei lita bedrift som lager økologiske hudpleieprodukt. Me jobbar for å halde innhaldslistene korte, men effektive. Me legg vekt på å ikkje bruke kjemisk framtilte konserveringsmiddel, parfyme, hormonhermarar, kunstig farge, silikon, petroleumsprodukt eller andre ingrediensar som ikkje er reine, trygge og økologiske. Dette betyr at produkta våre har begrensa haldbarheit, dei fleste held seg godt i eit halvt til eit år.

Alle produkta er produsert for hand i små produksjonar, så det kan vere små forskjellar frå gang til gang. Produkt frå Rein hudpleie må reknast som ferskvare då dei ikkje inneheld konserveringsmidler. Ikkje gøym dei vekk i skapet på badet, men bruk dei medan dei er ferske!

Feittstoffa og oljene er kaldpressa og for det meste uraffinerte for å få med alle næringstoffa. Nokre av produkta inneheld eteriske oljer, dersom du har allergi kan det vere lurt å prøve produktet på eit lite område først. Produkta inneheld ikkje emugator, så dei kan skilje seg. Det er lurt å oppbevare produkta mørkt for å forseinke harskning av fettstoffa. Dersom dei vert utsett for mykje lys og varme vil denne prosessen ta kortare tid.
Ingen av våre produkt er testa på dyr. Rein hudpleie er innmeldt til Mattilsynet.

Produksjonen starta opp i 2012.

Rein hudpleie har valgt å halde seg unna ingrediensar som mineralolje, petroleumsprodukt, parfyme, phenoxyetanol, phenoxyglycerin og paraben. Desse stoffa er konserveringsmiddel som gjer at produkt med desse held seg lenger. Produkta har derfor litt begrensa haldbarheit, men du kan trygt bruke dei på deg sjølv og ungane dine. Du kan også heilt trygt ete dei, sjølv om eg vil ikkje garantere for smaken! Dei fleste produkta innheld heller ikkje vatn, så dei er meir konsentrerte enn vanlige kremar (du slepp også betale for vatnet). Fordi dei er meir konsentrerte og tjukkare så trekk dei ikkje like fort inn i huda, men krev at du bruker litt tid på å massere salven eller kremen inn. Men du blir belønna med mjuk hud med eit beskyttande lag som varer lenge.