Kropp

kroppsvask sitrus_ny flaske:: Kroppsvask
Ein mild kroppsvask som passar for både store og små, menn og kvinner.  Alle ingrediensane er heilt nedbrytbare i naturen. Drøy i bruk. Kroppsvasken finst i tre variantar:
Sitrus:
Innhald: vatn, perlemorsulfat, sulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), carragenantang, natriumbenzoat, eterisk olje av sitron*, appelsin* og bergamott* Inneheld 250 ml.

 

kroppsvask lavendel_ny flaskeLavendel:
Innhald: vatn, perlemorsulfat, sulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), carragenantang, natriumbenzoat, eterisk olje av lavendel* Inneheld 250 ml.

 

 

 

kroppsvask eucalyptusmynte_ny flaskeEucalyptus & mynte:
Innhald: vatn, perlemorsulfat, sulfat, aloe vera*, glyserin (vegetabilsk), carragenantang, natriumbenzoat, eterisk olje av eucalyptus* og peparmynte* Inneheld 250 ml.

 

 

 

deo:: Deodorant
Ein deodorant-krem som både pleier huda, og hindrer sveittelukt. Deodoranten inneheld mjølksyrebakteriar som gjer miljøet i armhola ugunstig for dei bakteriane som lagar sveittelukta.
Bruk fingrane og smør eit tynt lag krem i armhola, la kremen trekke inn ei lita stund før du tar på klede. Enkelte som sveitter mykje, etter trening til dømes vil nok måtte ta på eit nytt lag krem i løpet av dagen. Kjem i ei praktisk aluminiumskrukke som tolar å bli slengt i veska. Litt dyr i innkjøp, men veldig drøy i bruk! Og ikkje minst; inneheld ingen kjemikalier, aluminium, konserveringsmiddel eller kreftframkallande andre stoff slik som omtrent alle andre deodorantar gjer!

Innhald: uraffinert sheasmør*, kakosmør*, bivoks*, urafinert kokosolje*, pilerot, natriumkarbonat, e-vitamin*, mjølkesyrebakterier, eterisk olje av grapefrukt* og lavendel* Inneheld 100 ml.

kroppssmør:: Kroppssmør
Næringsrikt kroppssmør med aloe vera og rosevatn.Kan brukas på heile kroppen. Rosevatn og aloe vera demper kløe og irritert hud, som gjør kremen godt egna etter soling. Havalgeekstrakt er mjukgjerande, lindrande og gjennoppbyggande. Sesamolje og avocadoolje er vitaminrike oljer som pleier huda og gir masse næring. A-vitamin styrker danninga av collagen, verkar cellefornyande og aukar hudas elastisitet. E-vitamin er ein antioksidant som både vernar fettstoffa i kremen mot harskning, og gjer huda meir smidig.
Innhald: uraffinert sheamør*, sesamolje*, kokosolje*, bivoks*, aloe vera*, rosehydrolat*, avocadoolje*, lanettevoks, kamilletinktur*, a-vitamin og e-vitamin*. Inneheld 150 ml

skrubb med sukker:: Kroppskrubb med sukker
Ein deilig kroppskrubb med duft av sitrus. Brukas ein gong i veka i dusjen. Masser huda med sirkelrunde bevegelser utan å skrubbe for hardt. Skyll med vatn. Etterlater huda silkemjuk, og med ein tynn film av olje slik at det ikkje er behov for lotion eller krem etter dusjen.

Skrubben fjernar døde huceller samtidig som den gir fukt til huda. Oljene pleier huda, mens eterisk olje av appelsin, bergamott og lavendel aukar blodsirkulasjonen og har ein oppfriskande effekt. Rist før bruk.
Innhald: rårøyrsukker*, solsikkeolje*, avocadoolje*, ricinusolje*, e-vitamin, og eterisk olje av sitron*, bergamott* og appelsin* Inneheld 150 ml.

 

handsåpe sitrus:: Handvask. Ein konsensentrert handsåpe som er mild for huda.  Inneheld glyserin og fuktkompleks som er pleiande og mjukgjerande. Alle ingrediensane er nedbrytbare. Såpa inneheld eteriske oljer, men ikkje parfyme.
Flaska inneheld 250 ml. Innhald: vatn, perlemorsulfat, sulfat, supersulfat, glyserin, tyrkiskrødtolje, fuktkompleks, carragenatang, natriumbenzoat og eterisk olje*. Finst i tre variantar:

 Sitrus

 

handsåpe lavendelLavendel

 

 

 

 

 

handsåpe eucalyptusmynte

 Eucalyptus&mynte

 

 

 

 

lavendelolje_ute:: Massasje- og kroppsoljer
Massasje og kroppsolje som inneheld ein base av mandelolje og sesamolje tilsett eterisk olje av lavendel. Alle ingrediensane er økologisk godkjende.
Mandelolje er rik på fettsyrer og vert godt absorbert av huda. Etterlater huda mjuk og glatt. Mandelolje er spesielt bra på kløande og irritert hud. Inneheld 100 ml.

Lavendel: Eterisk olje av lavendel har ein særeigen styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar blodtrykksenkande, cellefornyande, hudlækjande og smertestillande. Ho lindrar hovudverk, ømme musklar, slag og forstuvningar. Olja er også immunstimulerande, antiseptisk, virusførebyggjande og avgiftande. Lavendelolje kan nyttast ufortynna på hud, ved f.eks. insektstikk, mindre brannsår, rifter og liknande. Ho er god ved stress og søvnløyse.

IMG_3179Sitrus: Appelsin, sitron og bergamott gir olja ein herlig duft av sitrus som er opplyftande og avslappande. Bergamott er kjend for å vere antidepressiv, roande, avgiftande, krampeløysande og kjølande. Dette er ei antiseptisk og hudlækjande olje som stimulerer danninga av kvite blodceller og verkar styrkjande på immunforsvaret. Bergamot er også ei særskild god olje ved stressplager og nervøs uro.
Appelsin er kjend for er lever- og gallestyrkjande, krampeløysande og verkar gunstig på førdøyinga. Fin mot m.a. reisesjuke og kvalme, spenningshovudverk, dårleg sirkulasjon, forkjølingssymptom og tørr hud.

massasjeolje sensuell og varmandeVarm&sensuell: Tilsett eterisk olje av ylang ylang, ingefær og sedertre.
Eterisk olje av ylang-ylang er søt og eksotisk med opplyftande eigenskapar. Ho er antiseptisk og hormonblanserande, og skal også ha erotisk stimulerande eigenskapar. Ylang-ylangolje er ei av dei beste oljene mot stress og uro.

 

 

 

badesalt_2 ::Badesalt
Badesaltet er mjukgjerande for huda og skal lindre ømme musklar, magnesiumet i bittersaltet gjer at musklane slappar av. Bruk ein til to matskeier i varmt vatn. Eterisk olje av einebær er forfriskande, stimulerande og reinsande. Einebærolje er ei viktig olje for blodsirkulasjonen, og er god for reumatisme og gikt. Eterisk olje av rosmarin er oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkande, kretslaupstimulerande og krampeløysande. Olja er og smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, forstuvingar, reumatisme og gikt. Eukalyptusolje er også rekna for å vera bra for såre og støle musklar, reumatiske plager, blåmerker og brannsår, forstuvingar og dårleg sirkulasjon.

Innhald: bittersalt (epsomsalt), himalayasalt, uraffinert havsalt, natriumbikarbonat og eterisk olje av eukalyptus*, einebær* og rosmarin*. *=frå økologisk landbruk. Innhald 250 ml