Ingrediensar

Aloe vera: saften av pressa aloe vera blad (økologisk dyrka).  Er mjukgjerande, gjenoppbyggande og lindrande. Aloe vera er fantastisk på irritert hud, solforbrenning, brannsår, utslett og insektsstikk. Har naturleg lav pH.

Arganolje: ei eksklusiv og næringsrik olje til hud og hår. Trekk raskt inn og etterlater huda mjuk og smidig. Rik på tocoferoler (Vitamin E), fenoler, karotener, squalen og fettsyrer. Økologisk godkjend.

Arnika Co2 ekstrakt: motverkar blåmerker og mørke ringar under augene.

Avocadoolje: ein grøn olje laga av pressa avokado. Velig rik på vitamin, og eigner seg godt til tørr hud. Økologisk godkjend.

Benzoetinktur: harpiks frå Benzoesiamtreet.  Er antiseptisk og antibakteriell, og hindrar muggvekst i lanolinbaserte produkt.

Bittersalt: (eposmsalt) eit salt som lindrer såre og støle musklar.

Bivoks: bivoksen eg brukar kjem frå Røislien bigård, og er økologisk godkjendt.

Brennnesletinktur: uttrekk av økologiske brennesleblad i 60% sprit. Virker lindrande og astringerende på huden, held dessuten håret i god stand og motverkar flass.

Eterisk olje av appelsin: utvunne av skalet til appelsina. Er kjent for å vere mellom anna antiseptisk, god for fordøyelsen, soppdrepande, antidepresiva, stimulerande og oppløftande. Hjelper blodsirkulasjonen, og løyser stress og spente og såre musklar. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av bergamott: utvunne av skalet til bergamottfrukta som er i sitrusfamilien. Frisk og god sitruslukt. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av citronelle: er frisk og stimulerande. Olja verkar opplyftande, vassdrivande, febernedsetjande og antiseptisk. Sitronelle er dessutan innsektfordrivande og luftrensande, og er saman med lavendel og geranium eit godt middel for å halda myggen vekke. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av einer: vert rekna som å ha god effekt på revmatiske plager, har antiseptiske og urindrivande eigenskaper, i tillegg til å være astringerande (sammentrekkende), avgiftande og blodrensande. Verkar beroligande og oppkvikkande, er luftdrivande, blodtrykksenkande, svettedrivande, magestyrkande og stoffskiftestimulerande. Er sterkt irriterande på hud og slimhinner. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av eucalyptus:  verkar mellom anna stimulerande på blodsirkulasjonen og hjelp til med å varme opp kalde ledd. Den er betennelseshemmande og dette gjer at den hjelp til med å få hevingar til å gå ned, og til å lindra muskelsmerter. Eucalyptus vert også mellom anna rekna for å vera antiseptisk, smertestillande, krampeløysande og insektbekjempande. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av furunål: stimulerande og oppfriskande. Ho stimulerer produksjon av kvite blodceller, verkar krampeløysande, slimløysande og antiseptisk. Dette er ei særskild god olje for luftvegane, både ved infeksjonar, astma, bronkitt, hoste og biholebetennelse. Olja er også soppdrepande, vassdrivande og god ved muskelsmerter, reumatisme og leddgikt. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av geranium: ei oppkvikkande, reinsande og balanserande olje. Geranium verkar hormonbalanserande, hudlækjande, sirkulasjons- og lymfestyrkjande, vassdrivande, antiseptisk og astringerande. Ei særs god olje ved PMS, klimakterieplager, åreknutar, væskeansamlingar og cellulitt. Ho verkar regenererande på huda og er god for ei rekkje hudproblem som f.eks. eksem og tørr hud. Geranium verkar harmoniserande på kropp og sinn, og er fin ved stress og kjensle av utmatting. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av lavendel:  vert framstilt ved dampdestillasjon, og det går med 200 kg blomster for å utvinna 1 liter eterisk olje. Lavendelolje verkar balanserande på sinnet. Ho dempar stress og uro, og styrkjer når ein er trøytt og sliten. På huda har lavendelolje avkjølande, antiseptisk og cellefornyande effekt, og vil kunna lindra lette forbrenningar. Veldig effektiv på insektstikk og små brannsår. Lavendelolje er ei av få oljer som kan brukast til babyar og born. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av niaouli: har styrkjande og lindrande eigenskapar. Niaouli er i slekt med tea tree. Olja stimulerer immunforsvaret, aukar produksjonen av kvite blodceller og er antibakteriell, antiviral, sopphemmande febernedsetjande og slimløysande. Ho er fin å bruka i starten av ei forkjøling eller influensa. Olja er òg god ved reumatisme, muskelsmerter og nevralgi , då ho er smertestillande. Verkar sårlækjande og styrkjande på huda, og er god mot bærekatarr og urinvegsinfeksjon. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av peparmynte: består mest av menthol som har ein kjølande og antiseptisk effekt på huden. Den er forfriskande, kjølande og styrkjande. Olja verkar kvalmestillande, og er god ved reisesjuke og fordøyingsplager. Peparmynteolje har god effekt på luftvegane, er slimløysande og kan hjelpa ved bronkitt, forkjøling, hoste og astma. Ho har bedøvande effekt på huda og er lindrande ved hovudverk. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av rosmarin: skal vere oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkjande, krampeløysande, blodtrykkshevande, nervestyrkjande og kretslaupstimulerande. Olja er òg smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, forstuvingar, reumatisme og gikt, i tillegg til hovudverk og svimmelheit. Stimulerer hårveksten. Økologisk godkjend.

Eterisk olje av sedertre: produsert av sagflis frå økologiske sedertrær som veks i Atlasfjella.  Er kjend for å vere antiseptisk, styrkande og berolingande. Skal vere god for å bekjempe stress, angst, og er også brukt for å bekjempe halsbetennelse, bronkitt og katarr. I tillegg er den rekna for å vere effektiv mot hudproblem som eksem, akne og soppinfeksjoner.

Eterisk olje av sitron: produsert av olja i økologiske sitronskal. Skjerpar konsentrasjonen, motverkar depresjon, uro og nervøsitet og verkar oppkvikkande.

Eterisk olje av ylang-ylang: søt og eksotisk med opplyftande eigenskapar. Olja verkar hudlækjande, roande og blodtrykksenkjande. Ho er antiseptisk og hormonblanserande, og skal også ha euforiske og erotisk stimulerande eigenskapar. Ylang-ylangolje er ei av dei beste oljene mot stress og uro. Ho roar ned pusten og hjelper ved hjartebank.

E-vitaminolje: ein antioksidant som hindrer harskning av oljer og fett.

Fargepigment: mica

Glyserin: vegetabilsk, hindrar utørking av huda.

Granateplefrøolje: verkar oppbyggjande, oppstrammande og pleiande på huda. Økologisk godkjend.

Grøn leire: reingjerande, og gunstig for urein hud. Vert brukt i ansiktsrens/maske

Hampfrøolje:  har eit  høgt innhald av nyttige fettsyrer, inkludert GLA

Jojobaolje: spesielt godt eigna til tørr eksemhud. Olja liknar hudas eigen olje (sebum), og penetrerer rakst huda. Økologisk godkjend.

Kakosmør: uraffinert og økologisk godkjent. Kakaosmør er fettt som blir att når ein presser kakaomasse. Ofte brukt i sjokolade, men har også positiv effekt på huda. Smelter ved kroppstemperatur, så vert hurtig absorbert av huda. Rikt på E-vitamin, og har vore tradisjonellt vore brukt til å beskytte huda mor ver og vind, i tilegg til å gi fuktigheit.

Kaolin: kvit leire som nyttast til peeling og ansiktsmasker.

Kokosolje: kaldpressa jomfu kokosolje frå Ceylon, økologisk godkjend. Ikkje bleika eller raffinert. Har ein deilig lukt av kokos. Kokosolje har blitt rekna for å ha ein god effekt på ulike hudproblem som eksem, psoriasis og andre hudlidingar som fører til kløe. Veldig bra for tørr hud, og inneheld anioksidanter som held huda ung.

Lanolin: fettstoff utvunne av saueull. Minnar om hudas eige feittsoff og vert rask absorbert.  Verkar blautgjerande og vernande på huda.

Mandelolje: økologisk godkjend. Blir lett absorbert av huda. Anbefalt for alle hudtyper, men spesielt for tørr, kløande og irritert hud.

Natriumbenzoat: natriumsalt av benzoesyre som ein finn naturleg i mellom anna benzoeharpiks og tytebær. Vet brukt som konservering i produkt som inneheld vatn, t.d. sjampo, kroppsvask og reinseskum.

Nypefrøolje:  har ein sterk raudfarge. Ho er spesiell blant  planteoljene, då ho har eit høgt innhald av retinol (A-vitamin) og C-vitamin. Ho har også eit høgt innhald av omega-3. A-vitamin stimulerer til cellefornying og aukar nivået av kollagen og elastin. Dette fører til auka elastisitet i huda. Nypefrøolje vert brukt til førebyggjing av strekkmerker ved graviditet, og til behandling av eksem, akne, rynker og solskada hud. Økologisk godkjend.

Rosehydrolat: (Rosa damascena) tilfører fukt til huda, er lindrande og svalande. Kan redusera akne.

Ricinusolje: antibakteriell og kan ha god effekt på acnehud. Ho vert mykje brukt i reinseprodukt. Økologisk godkjend.

Ringblom: ringblomen vert dyrka i eigen Debio-godkjend hage, og lagt i olje. Når dette har godgjort seg i omlag 4-6 veker siler eg av blomane og brukar olja i ringblomsalven min. Her er eit innlegg eg har skreve om ringblom.

Ringblomtinktur:  av økologisk ringblom. Verkar regenereande, helande, lindrande og samantrekkande.

Sesamolje:  har eit høgt innhald av E-vitamin, og er derfor ein sterk antioksidant. Økologisk godkjend.

Sheasmør: sheasmøret me bruker er økologisk godkjend og uraffinert. Meir om sheasmør

Sink: medisinsk kvalitet, ikkje nanopartikler. Sink har ein lindrande effekt på sår hud.

Sulfatsåpe: vegetabilsk råsåpe.

Supersulfat: sukkertensid, mildt såpestoff.

Squalane: verkar regenererande og glattande på moden hud. Produsert av olivensteinar.

Tistelolje: økologisk godkjent. Ei olje som tilfører veldig mykje fukigheit til huda, brukt både til hudpleie og som kosttilskot då den har eit høgt innhald av oljesyre.

Trollhasselhydrolat: (hammamelis virgiana) blomstervatn av trollhassel er kjent for å dempa hudirritasjonar og verka kjølande. Det vert også brukt ved skrammer og småsår, då det seiest å ha blodstillande og sårlækjande verknad. Økologisk godkjend.

Tyrkiskrødtolje: mild oljesåpe som verkar fuktigheitsbevarande og reingjerande.

Vegetal: vegetabilsk emulgator av kokosfeitt og maisstivelse