Hår

sjampo lyst hår_2:: Sjampo for lyst hår
Ein mild sjampo for deg med lyst hår. Kamille er kjend for å lysne blondt hår, kamille skal også dempe kløe og utslett. Eterisk olje av lavendel har ein styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar hudlækjande og smertestillande. Eterisk olje av bergamott verkar stabiliserande på humøret. Eterisk olje av Rosmarin stimulerer hårveksten. Bruk gjerne som kroppvask og intimvask. Sjampoen har ein pH på omlag 4, som er gunstig for huda i hårbotnen.

Inneheld:
Kamilleuttrekk*, vatn, sulfat, perlemorsulfat, aloe vera*, brennenesletinktur*, panthenol provitamin B, guarmjøl, guargummi, glyserin (vegetabilsk), natriumbenzoat, eterisk olje av lavendel*, peparmynte*, bergamott* og rosmarin*.
*= frå økologisk landbruk. Inneheld 250 ml.

sjampo mørkt hår_2:: Sjampo for mørkt hår
Ein mild sjampo for deg med mørkt hår. Passar også fint til dei som er raudhåra. Brennenesle styrkjer hårrøtene og motverkar flass. Ho gjer også håret blankt og fyldig, reinser og stimulerer blodsirkulasjonen. Eterisk olje av lavendel har ein styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar hudlækjande og smertestillande. Eterisk olje av bergamott verkar stabiliserande på humøret. Eterisk olje av rosmarin stimulerer hårveksten. Bruk gjerne som kroppvask og intimvask. Sjampoen har ein pH på omlag 4 som er gunstig for huda i hårbotnen.

Inneheld:
Brennenesleuttrekk*, vatn, sulfat, perlemorsulfat, aloe vera*, brennenesletinktur*, glyserin (vegetabilsk), guarmjøl, panthenol pro vitamin B, natriumbenzoat, eterisk olje av lavendel*, bergamott*, peparmynte* og rosmarin*.
*= frå økologisk landbruk.

Flaska inneheld 250 ml.

Alle ingrediensane er 99-100% nedbrytbare i motsetnad til vanlige konvensjonelle sjampoer og dusjsåper.
Kan lagas utan eteriske oljer på bestilling.