Gard og hage

Me bur på eit lite småbruk i Kvinnherad i Hordaland. Her har me kyr, høns, gris, hest, katt og hund. I tillegg prøver me å få skikk på ein stor hage. Det varierer frå år til år kva me har i kjøkenhagen, og etterkvart er planen å dyrke meir urter til bruk i produkta.

I år har eg dyrka mykje ringblomst i hagen, det kan du lese meir om her.

Me har budd på garden i litt over 6 år, og trives godt. Heile garden og kjøkenhagen er økologisk godkjend og har vore det i alle desse 6 åra. I tillegg til hudpleieprodukt produserer me også økologisk iskrem på garden.