Posted on

Har du lyst til å prøve eit nytt produkt?

Eg har fått spørsmål frå fleire kunder om og kan lage kroppsvask og handvask. Tilbakemelding på sjampoen har gått på at den skummer fint viss ein bruker den som kroppsvask, men den er litt for tyntflytande til å vere skikkelig effektiv. Eg jobbar litt med å finne ut av noko som passer som tjukningsmiddel, og har laga ein versjon med guargummi. Denne vert litt klumpete, så eg må jobbe litt meir med å finne noko som passer betre. Det neste på utprøvingslista mi er carragenan som er ein slags stivelse laga av alger. Men inntil vidare har eg tre flasker kroppsvask som eg tenkte å gi vekk til dei tre neste som handler for over 300,- på Epla. Den luktar frisk og godt av sitrus, og skummer godt. Og ikkje minst så er den 100% nedbrytbar i motsetning til såper og kroppsvasker som inneheld silikon og konserveringsmiddel.

kroppsvask

Posted on

Produktoppdatering

Sommaren nærmar seg vel slutten enten me vil eller ikkje, og eg for min del håpar hausten bringer med seg litt roligare dagar. Utenom hudpleie driv me jo med iskrem, og sommaren er høgsesong for oss. Hausten vert nok prega av ein del hausting, safting og sylting. I tillegg håpar eg at eg vil få tid til å realisere nokre fleire av produktplanane mine. Eg har sagt til meg sjølv mange gonger at det sikkert ikkje er lurt å ha altfor mange ulike produkt år ein driv så lite som meg. Men så er det jo fryktelig kjekt å koke i hop nye ting, i tillegg så hender det at eg får spørsmål frå kunder om det eine og det andre som dei ønsker seg. Og då må eg sjølvsagt prøve på det. Eit eksempel på det siste er kroppssmøret som eg har jobba ein del med i sommar, og som eg no endelig er nøgd med både når det gjeld duft og konsistens.

kroppssmør

Vidare så har eg laga ein myggspray, no er vel sesongen litt på hell, men det hender at nokon treng slikt når dei skal på ferie til varmare strøk.

myggspray

Eit produkt som eg har brukt sjølv ei god stund og som eg likar godt er ansiktsrens basert på oljereinsingsmetoden. Denne består av ulike fettstoff og oljer blanda med leire. Fettet løyser opp fett og smuss på huda mens leira reingjer i djupna. Eg kjem til å skrive eit innlegg her om oljereinsingsmetoden snart.

ansiktsrens med rosa leire_mindreansiktsrens grøn leire_2

 

Posted on

Kroppssmør

Sommaren er her for fullt, og det er høgsesong for det eg eigentleg driv med.  Men gøy har det vore desse månadane siden eg starta med Rein hudpleie. I starten såg eg for meg at dette skulle bli ein vinter-syssel, men pågangen har vore såpass stor at eg må sysle jevnt og trutt. No for tida jobbar eg med å finpusse eit nytt produkt, Kroppssmør. Kvar kveld smører eg meg inn med dette deilige smøret, og jammen vert huden mjuk og fin. For meg som er mykje ute om dagane, og er mykje utsett for vêr og vind (og stikkebusker), så har det virkelig gjort godt.


Mykje aloe vera gjer at det også egner seg etter at ein har fått litt mykje sol. Konsistensen har eg vore litt misfornøyd med, men no byrjar det å nærme seg. Håpar å få det på plass i Epla-butikken i løpet av veka.

Dei siste vekene på Instagram:

Posted on

Travle dagar og nye produkt

For oss som prøver desperat å vere bønder er våren veldig travel, spesielt når veret er fint. Så alt innearbeid og dataskriving vert utsett til kvelden, men då er ikkje lenger energien på topp. Her hos oss er me velsigna med kveldsol til nesten 22.30 på det lengste, men av og til er det litt slitsom også, for ein føler at ein burde vore ute i hagen mens ein helst vil ligge på sofaen og slappe av.

Men dei siste vekene har eg fått gjort ein del i hagen, nye kyllinger har klekt ut, eg har fått på plass ansiktsolje med faktor og ein ny massasjeolje pluss ny forsyning med solkrem. Nye varer er på plass hos Reindyrka i Bergen og ein stor pakke er på veg til Frisk Flora i Florø. Nye produkt er stadig under utvikling, i går kveld laga eg ein myggspray av økologisk trollhasselvatn, citronella, eucalyptus, lavendel og peparmynte. Eg trur den vil virke bra, men det er nok nødvendig å spraye seg ganske ofte då dei eteriske oljene fordampar etter ei lita stund.

ansikstolje spf 15

massasjeolje sensuell og varmande

solkrem spf 10solkrem spf 20

 

 

Posted on

Nytt produkt – sjampo

Sjampoen finst to variantar:

:: med brennenesleutrekk – for mørkt hår – brennenesle styrkjer hårrøtene og motverkar flass. Ho gjer også håret blankt og fyldig, reinser og stimulerer blodsirkulasjonen.

:: med kamilleuttrekk – for lyst hår – Kamille er kjend for å lysne hår, skal også dempe kløe og utslett.

Elles inneheld sjampoane det same:
Sulfat – mildt såpestoff basert på kokos og palmekjerneolje. 99-100% nedbrytbart
Guarmjøl – tjukningsmiddel og verkar antistatisk, gjer håret mjukare og lettare å gre ut.
Aloe vera – av økologisk dyrka aloe. Verkar mjukgjerande, lindrande og gjennoppbyggande.
Brennesletinktur – motverkar flass.
Pantenol pro vitamin B5 – verkar regenererande, reparerande, fuktighetsbevarande og vernande
Natriumbenzoat – til konservering, nedbrytbart, ingen kjende bivirkningar
Eterisk oje av lavendel, bergamott, peparmynte og rosmarin – eterisk olje av lavendel har ein styrkjande, roande og lindrande effekt på kropp og sinn. Ho verkar hudlækjande og smertestillande. Eterisk olje av bergamott verkar stabiliserande på humøret. Eterisk olje av rosmarin stimulerer hårveksten.
Sitronsyre – 
brukas for å senke pHen

Sjampoen har ein pH på omlag 4, det gjer miljøet for surt for dei fleste bakterier og muggsoppar, samtidig som det er gunstig for huda.  Eg anbefalar likevel at sjampoen vert brukt opp i løpet av 6 månader. Då dette produktet inneheld vatn ser eg meg nøydd til å bruke litt natriumbenzoat til å konservere sjampoar og dusjsåper. Desse er utsette for muggsoppar då dei inneheld vatn og dei oppbevaras i varme miljø.  Natriumbenzoat er er natriumsalt av benzosyre som fint naturleg i mellom anna benzoeharpiks og tytebær.

mork-sjampo

 

 

Posted on

Sjampo

Dei siste vekene har eg hatt veldig lyst til å jobbe litt med å lage ein eigen sjampo-oppskrift. Eg har i mange år vore opptatt av å bruke økologiske hudpleieprodukt. Men eg har ikkje alltid vore så opptatt av håret. Eg har kanskje følt litt at viss eg er flink på alt det andre så kan eg gløyme ut kva eg vaskar håret med, og gjere det litt lettvint. Men den siste tida har eg vore plaga med kløande hovudbunn og syns ikkje eg finn noko som passer for meg. Så etter mykje lesing på internett så har eg komme fram til to ting:

:: vanleg konvenjonell sjampo er noko drit

:: eg kan klare å lage ein sjampo som er laga av 100% naturlege råvarer og utan konserveringsmiddel, men den held seg berre i 4 månader.

Då var det berre til å hoppe i det, og prøve. No har eg laga 3 flasker, så då er det utprøvingstid. Velsigna som eg er med ein snill familie skal eg få litt hjelp av syster mi og mor mi til å prøve ut sjampoen.

Kvifor vanleg sjampo ikkje er bra? Dei inneheld mykje sodium laural sulfate/sodium laureth sulfate (SLS/SLES) som er kjent for å irritere hud, auge og vere skadeleg for leveren. Desse vert brukt fordi dei er billige, og skummar godt.  Dei fjerner også fettet frå huden som gjer at håret ser fint og reint ut først, men resultatet blir ofte ein kløande og flassande hovudbunn. Bruken av parfyme i vanleg sjampo forverrer dette. I tillegg er det vanlegvis ei lang liste med kjemikalier som gjer at sjampoen lukter godt, har passelig konsistens, har tilnærma ubegrensa haldbarhet og så vidare. Dei fleste av desse aner me ikkje kva er for noko, og me vil sikkert ikkje vite det heller.

Sjampoen som eg har laga inneheld vatn, sulfat (mildt såpestoff basert på kokos), perlemorsulfat (liknar sulfat, men er tilsett leiremineral for å gi perlemorseffekt), aloe vera, lavendel hydrolat, salt (gir tjukkare konsistens), brennesletinktur, stemortinktur, sitronsyre (for å seinke pH’en) og eterisk olje av lavendel.

I dag har eg brukt sjampoen for første gong, den skummar godt og ser ut til å virke bra. Då gjenstår det berre å sjå korleis det vert over tid. Kva seier du, er sjampo eit produkt du er interessert i?

sjampo1
At fargen på sjampoen matcha gardinene var sjølsagt nøye planlagt!

Posted on

Får du tørr hud i vinterkulda?

Då bør du prøve sheasalven. Den kan du fint bruke som fuktighetskrem og kuldekrem. Salven trekk ganske raskt inn i huda, og sjølv om den er feit så blir du ikkje spesielt blank i fjeset. No får tida bruker me denne i ansiket heile familien, gjerne fleire gongar for dagen. Då den ikkje inneheld eterisk olje egner den seg godt til allergikarar.

Sheasmør er laga av nøttene frå shea-treet som veks i eit belte sør for Sahara. Tradisjonelle bruksområde for smøret i si naturlege formhar vore behandling av eksem, babystell, fuktighetskrem, lindre stikk og solbrent hud, og det har ein betennelsesdempande effekt. Her er  sheamøret blanda med avocadoolje for å få ein meir smørbar konsistens. Avocadoolje er rik på vitamin, og er rekna for å vere svært god på tørr hud med eksem, og aukar huda sin produksjon av kollagen. Salven inneheld ikkje vatn eller eterisk olje. Egner seg på tørr hud og eksem. Kan fint brukas som kuldekrem, egner seg også til massasje.

Innhald: uraffinert økologisk sheasmør, økologisk avocadoolje og e-vitamin (konserveringsmiddel).
Inneheld 50 ml

sheasalve_ute

Sheasalven kan du kjøpe her

Posted on

Vinn produkt!

Har du lyst til å prøve eit valfritt produkt frå Rein hudpleie heilt gratis?

No har eg tenkt å ha ein liten konkurranse, det du gjer for å delta er å like Rein hudpleie si side på fjesboka. Når du har gjort det så legg du igjen ein kommentar her i dette innlegget. Eg trekker ein vinnar når fjesboksida har 50 likarar (det er snart!), og så trekk eg ut ein vinnar til når fjesboksida får 100 likarar. Del gjerne med andre som du trur er interesserte i økologiske hudpleieprodukt. Les meir om produkta her.

[easyrotator]erf_79_1351151614/erc_54_1358766507[/easyrotator]

Posted on

Tørre hender?

På dei få julemarknadene eg var på før jul så var det tydeleg at handsalven var ein salsuksess. Det er også handsalven som er mest brukt her i huset. Me er plaga med tørr og til dels sår hud på hendene, spesielt om vinteren. Når ein jobbar i fjøs er det mykje handvask som tørker ut huda, og i kaldt ver hender det ofte at huda på hendene sprekker opp og vert veldig sår. Då er det godt å smørje seg inn med ein skikkelig god salve. Konsistensen er linn annleis enn vanleg handkrem, og fordi det ikkje er vatn i den brukar den lenger tid på å trekke inn i huda, men då varer den også lenger. Eg syns det er godt å smørje seg om kvelden når eg har lagt meg, også brukar eg den alltid før eg vaskar opp. Då kan eg fint ha hendene i varmt såpevatn utan å verte tørr. Eit anna bruksområde er massasje. Når ungane kjem ut av badekaret og har tørka seg, tar eg litt i hendene mine som smelter, og brukar det til å massere ungane. Dette kan fint brukas på vaksne også, enten ein sjølv eller kjærasten. Huda treng ikkje vere heilt tørr før du masserer inn salven. Dersom du har ekstra tørr hud nokon plass på kroppen er det ein fordel å gjere dette etter bad/dusj, då er huda mjukare. Salven kan også brukas som kuldekrem når det er kaldt. Kokosolje skal vere bra for alle slags hudlidingar, eksem og kløe. Både mandelolje, jojobaolje og tistelolje er veldig næringsrike, og rike på fettsyrer som gir masse fuktigheit til huda. Eg merker at når eg har vore flink å smøre kvar kveld, så treng eg ikkje smøre meg meir i løpet av dagen for huda held på den fuktigheita den har fått kvelden før.

2013-01-10 14.35.22

 

Posted on

Farga leppepomade

No har eg fått laga eit produkt som eg sjølv har hatt lyst på lenge, nemlig leppepomade med farge. Eg er veldig avhengig av leppepomade og har som  oftest ein i kvar lomme. Eg er jo glad i farge på leppene også, men eg syns ofte at leppene vert så uttørka av leppestift. Samtidig så er det ofte at eg har lyst på berre litt farge, og det er her leppepoade med farge kjem inn som min nye favoritt. Prøv du også!