Posted on

Eit hønseliv

På denne tiden av året er det ein ting som oss med høns i hagen har i overflod; egg! Det er ikkje heile året dei verper like ivrig, men på våren og forsommaren brukar det å flomme over. Då er det om å gjere å finne nye matretter der ein kan bruke masse egg, det begrenser seg kor mange speilegg og omelettar ein orkar. Heldigvis er variantane mange, og her er oppskrifta på ein av våre favorittar akkurat no. Det er ei ovnspannekake som er superenkel å lage, og kan fint brukas til både frukost, kvelds eller ein lett middag. Viss det er til middag må ein nok lage litt større oppskrift.

Akkurat no har me kyllingar også, det er ekstra stas. Kvar vår brukar nokre av hønene å «klukse», det vil seie at dei lagar seg eit reir og der sit dei på egga sine i tre veker. Etter tre veker byrjar kyllingene å hakke seg ut av egget, og eg blir like facinert kvar gong av at dei blir ein fiks ferdig kylling på 21 dagar. Me har fleire ulike raser, og nokre blandingshøns. Dei får gå fritt ute heile året, og har masse plass. Kameraet var ikkje heilt samarbeidsvillig i dag, så her er eit knippe hønsebilder frå instagram.

«Dutch baby»
5 egg
2 dl mjølk
2 dl mjøl

Eg brukar omlag eit egg per person, viss det er til middag tar eg nok eit par ekstra.

Begynn med å sette på steikeovnen på omlag 220 grader. Så finn du fram ei passelig form eller langpanne. Hiv oppi ein god klatt med smør og sett det inn i ovnen. Når smøret er skikkelig varmt tømmer du røra oppi, og lar stå i ovnen i omlag 25 minutt.

Heime oss oss likar me å ete dette med lønnesirup på, men det er også godt med litt sitronsaft og eit melisdryss. Viss me har ovnspannekake til middag brukar eg å ha på litt steikt flesk, det steiker eg på forhånd også strør eg det oppå røra før eg setter den i ovnen.

Posted on

Litt om hud i ansiktet

-og kvifor me må ta vare på den

 

Fordi huda stadig må kvitte seg med avfallstoff og døde hudceller er det viktig meg dagleg reingjering av ansiktet, spesielt når du brukar sminke. Dersom du ikkje reingjer ansiktet så får du tilstoppa porer som igjen fører til urein hud.  Sjølv om du ikkje brukar sminke er det lurt å vaske vekk dei døde hudcellene og anna grums som huda skiller ut i løpet av ein dag. Men dersom huda di vert uttørka av reingjering er det viktig å tilsette ein eller annan form for feittstoff etterpå. Det ideelle her er å bruke noko som liknar ansiksthuda sitt eige fett, til dømes produkt som inneheld lanolin eller jojobaolje.  Her kan ein med fordel bruke berre olje i staden for fuktigheiskrem. Og ein bør for all del unngå produkt som inneheld petroleumsprodukt då det desse gjer er å tørke ut huda meir og øydelegge huda si evne til å produsere olje. Dersom du har feit hud som produserer mykje olje er et ekstra viktig å bruke reingjeringsprodukt som fjernar overflødig olje, utan å tørke ut huda.

Tidligare har eg komme med tips til ansiktsmasker du kan lage sjølv av ting du har på kjøkenet, her får du tips til ein annan måte å gi ansiktet ein oppfrisking. Dersom du ikkje har tilgang på urter sjølv finn du mykje i te- og krydder sortimentet på hesekostbutikkane.

Ansiktsdampbad
Damp gjer at porene opnar seg og svettar ut avfalstoff som har samla seg opp. Eit dampbad aukar blodsirkulasjonen, gjer at musklane slappar av, og gir fuktighet til dei innerste  laga av huden. Du byrjar med å reinse huden godt, så kokar du om lag 7 dl vatn. Tilsett urtene du vil bruke og la det stå med lok i 5 minutt. Plasser bollen eller kjelen ein plass der du kan sitje komfortabelt. Ta av loket, dekk hovudet med eit handkle og pust inn dampen i om lag 10 minutt. Avslutt med å skylle ansiktet med lunka vatn og smør deg inn med ansiktsolje eller anti-rynke serum.

hud 001

Pore-rensker:
7 dl vatn
1 ts tørka ryllik
1 ts tørka salvie
1 ts tørka rosmarin
1 ts tørka peparmynte

For tørr hud:
7 dl vatn
1 ts tørka ringblomst
1 ts tørka valurt
1 ts tørka hylleblomst
1 ts olje (f. eks. jojoba, mandel, solsikke, sesam, oliven)

Du kan også bruke eteriske oljer i vatnet, då treng du ikkje la det stå i 5 minuttar før du brukar det.

Her er det berre til å finne sine favorittar blant urter og oljer. Fleire tips til urter:
Kamille, bringebærblad, lavendel, rose og  fennikel.

Posted on

Eteriske oljer

Når du skreller ein appelsin, eller gnir litt mynte mellom fingrane kjenner du godt lukta av planten eller frukta. Det du luktar er ofte den eteriske olja i planten. Det er den eteriske olja som gir plantene sine særeigne duftar og parfyme. Desse oljene er flyktige, det merker du godt viss du skreller ein appelsin så luktar det sterkt appelsin med ein gong, men lukta forsvinn fort. Nokre planter har mykje slik eterisk olje, andre har lite. Til dømes er konsentrasjonen av eterisk olje i rosa så liten at det må eit tonn roseblomar for å lage 300g eterisk olje av rose. Eteriske oljer vert brukt på mange ulike måtar.  Når ein brukar eteriske oljer i massasje vert olja absorbert i huda, og transportert rundt i kroppen. Det vert sagt at viss du gnir eit kvitlauksfedd mot fotsålen så vil olja i kvitlauken bli tatt opp av blodet og merkast på pusta litt seinare. Så det er ikkje berre aromaen av dei ulike oljene som er viktig, men også den kjemiske reaksjonen mellom oljene og kroppen. Difor skal ein vere litt forsiktig med å bruke eteriske oljer når ein er gravid, sjuk, og  på små born. I tilfelle du får ein allergisk reaksjon kan det vere lurt å prøve produkt som inneheld eteriske oljer på eit lite område av huda først. Eteriske oljer er svært sterke, og må aldri brukas ufortynna på huda.

Mange av oljene eg brukar kjøpar eg hos Salome, dei har økologiske oljer av god kvalitet. Hos Salome kan du også lese meir om eigenskapane til dei ulike eteriske oljene.

Her i huset prøvar me å bruke så lite kjemikalier og vaskemidler som mogeleg, difor lagar eg til dømes mitt eige tøyskyllemiddel. Då brukar du rett og slett ei flaske eddik, og drypper oppi 20-30 dråpar av den/dei eteriske oljane du likar best. Eg er svak for lavendel. Rist godt på flaska før du brukar den, og ha ein klunk i vaskemaskina i staden for vanleg tøymjuknar. Eddiken gjer kleda mjuke.

Eg brukar også å ha ei dusjeflaske med vatn attmed strykebordet når eg stryk dukar og slikt. I dusjeflaska har eit par dropar lavendelolje, og dette vatnet sprayar eg på mens eg stryk. Det gjer at det luktar godt mens eg held på med slikt kjedelieg arbeid i tillegg til at dukane lukar godt når du tar dei fram att.

Her er meir lesestoff viss du vil lære meir om eteriske oljer, og eigenskapane til dei ulike oljene. Denne boka er eit nyttig oppslagsverk som eg nyttar mykje.

514VbmIUv5L._BO2,204,203,200_PIsitb-sticker-arrow-click,TopRight,35,-76_AA300_SH20_OU02_

Posted on

Kokosolje og heimelaga grynblanding

Eg brukar kokosolje i fleire av Rein hudpleie-produkta. Olja eg brukar er økologisk og kaldpressa. Kokosolje er fast i vanleg romtemperatur som gjer at den gir konsistens i til kremar og salvar. Men viss den vert varma opp vert den flytande. Derdor kan du risikere at leppepomaden smeltar viss du har den i lomma.Kokosolja eg brukar har ein herlig luft av kokos, det er ingenting som lukar så godt som ein kjele med varm bivoks og kokosolje på komfyren.

Måten kokosolja vert laga på er at heile fine nøtter vert skrella, og alt det brune skalet fjerna. Det kvite kjøtet vert kverna og tørka på lag temperatur. Dette er for å fjerne vatnet i kokoskjøtet. Etter tørkinga vert kokoskjøtet pressa for å få ut olja, også filtrert for å få ut alle partiklane.

71257

Grunnen til at eg likar å bruke kokosolje i produkta mine er som sagt tidlegare at det gir ein fin konsistens til salvar, men i tillegg har kokosolja masse gode eigenskapar i seg sjølv. For det første gir den ein masse fuktigheit til huda, og i mange land der kokos vert dyrka brukar dei rein kokosolje som fuktighetskrem. Kokosolje er rekna for å vere veldig gunstig å bruke viss du har hudproblem som eksem, psoriasis, tørr hud, kløe eller hudinfeksjonar. I tillegg til alt dette så er det også ei veldig fin olje å bruke i matlaging. Den skal vere helsebringade på mange måtar, og er rekna for å vere i av dei sunnaste matoljene. Det masse å lese om kokos på nettet, til dømes her.

Men dersom den skal varmebehandlas bør du ikkje bruke jomfrukokosolje. Her oss oss brukar me kokosolje til steiking, og nokre gonger til baking. Oftast brukar eg den på heimelaga musli som er populært både til frukost og kvelds her i huset vårt. Viss du er frista til å prøve så får du oppskrifta her. Dette er ei grunnoppskrift, men her kan du bruke dei gryna og nøttene som du likar, varier gjerne med solsikkefrø og graskarfrø. Rosiner og anna tørka frukt må du tilsette etter at muslien har blitt kald.

Rista grynblanding med kokosolje

1 liter havregryn
2 dl sesamfrø
2 dl kli
2 dl hakka mandler og hasselnøtt
3 ss kokosolje
1 dl lønnesirup eller honning
pittelitt salt
1/2 ts kanel om du vil

Smelt kokosolja og bland den med lønnesirup eller honning. Bland alt det tørre og ha i ei langpanne, tøm over oljeblandinga og bland godt. Dersom du vil kan du ha ei ss peanøtt eller mandelsmør oppi olja mens den smelter. Bak blandinga i ovnen, 160 grader i omlag ein time. Rør rundt av og til for å passe på at alt vert rista jevnt.

Posted on

Ansiktsmasker

Ansiktsmasker er ein måte å gi huden ein skikkelig djup rens. Her kan ein bruke mange ulike ingrediensar som verkar på ulike måter, nokre aukar blodsirkulasjonen, nokre brukar me for å tilføre fuktigheit, andre som peeling. Ansiktsmasker kan roe ned irritert hud, og gjere huda mjukare. Men det finaste av alt er at det er fleire ting som dei aller fleste har i kjøkenskåpet eller kjøleskåpet som kan brukast. I dag skal du få nokre oppskrifter på ansiktsmasker du kan lage sjølv for ein billig penge. Som du ser på oppskriftene under så er det ikkja alltid så mykje som skal til for å gi ansiktet litt meir oppmerksomhet, ein finfin aktivitet for ein rolig sundagskveld!

Bruk alltid ansiktsmasker på nyleg reingjort og fuktig hud. Bruk fuktigheitskrem eller ansiktsolje etter du har skylt av maska.

Eggekviteoppstrammar
Denne maska er oppstrammande for huda, og minskar porene. Maska vert veldig stram når den tørkar, så det er best å vente med dei gode samtalane til du er ferdig. Egner seg til alle hudtypar

Kviten av eit egg
1 ts maisena

Bland saman eggekvita og maisena i ei lita skål, bland godt med gaffel. Blandinga skal ikkje vere klumpete. Bruk fingrane dine og smør maska jevnt utover ansikt og hals. Legg deg ned og slapp av mens dette tørkar, omlag 20 min. Rens av med vatn.

Havremaske
Denne maska fungerer som ein mild peeling, dersom du brukar den to gonger i veka skal den hjelpe på raudflammete hud då maska har ein savk bleikande effekt. Egner seg til alle hudtypar, men ikkje bruk den dersom du er solbrent, vindbrent eller har veldig irritert hud i ansiktet.

4 ts knuste havregryn
5 ts surmjølk eller yogurt naturell

Bruk ei matmølle til å knuse havregryna til fint mjøl. Bland dette med sumjølka ei ein liten bolle. Dersom den er veldig tjukk kan du ta litt ekstra surmjølk. Bruk fingrane og smør massen på ansiktet. Lat tørka i 20-30 minuttar og rens av. Når du vasker vekk maska brukar du forsikting sirkelrunde bevegelsar, då får du masser vekk døde hudceller og ansiktet blir mjukt og huda frisk og fin.

Banan og krem
Denne enkle maska gjer ansiktstshuden supermjuk og avslappa. Passer fint til alle hudtypar også dei veldig sensitive, solbrent og irritert hud.

omlag 5 cm veldig moden banan
litt kremfløyte

Finmos bananen og bland med fløyte til du har ein glatt, smørbar masse. Bruk fingrane og smør inn ansikt og hals. Men pass på at du ikkje har finkjolen på deg, for denne kan bli litt grisete. Maska skal ikkje tørke, men ha den på i 20-30 minuttar før du skyller den av.

Viss du har ein annan oppskrift som du likar, del gjerne med oss!