Posted on

Nytt produksjonslokale og folkefinansiering

Tida er kommen for ei utviding av bedrifta, større produksjonslokale og ein eigen butikk. I hovudsak treng me no litt ekstra å rutte med for å få bygge eit funksjonelt kjøken, og å innreie ein liten butikk i Rosendal sentrum. I butikken vil det vere mogeleg å få kjøpt produkta til Rein hudpleie, men også andre økologiske og miljøvenlege varer. Sommarstid går det an å nyte ein kopp med noko varmt på den fine uteplassen.

Større produksjonslokale vil gjere det mogeleg å auke produksjonen, og få produkta ut i fleire butikkar. I tillegg vil betre plass gjere det lettare å eksperimentere og få prøvd ut ideear til nye produkt.

Eg har laga ein folkefinaniseringsplan her, og eg håpar at de vil vere med meg i dette nye eventyret! Alle små og store bidrag mottas med stor glede!

 

Posted on

Hugs smørning i kulda!

Sibirkulda er på veg, og her på Vestlandet kjenner me det godt allereie. Då er det ekstra viktig å beskytte ansikt, lepper og hender mot ver og vind, og me kjører sal på alle salver og kremer som brukas som kuldekrem og fukt til ansiktet.

 

Sal

IMG_1533

Sal!

Skjeggolje

kr 285 kr 250

Legg i korga

[Edit]

handsalve

Sal!

Handsalve med sheasmør

Vurdert til 5.00 av 5 kr 200 kr 175

Legg i korga

[Edit]

ringblom

Sal!

Ringblomsalve med lavendel 75 ml

Vurdert til 5.00 av 5 kr 225 kr 170

Legg i korga

[Edit]

ansiktsolje_spf15_brun

Sal!

Ansiktsolje spf 15 normal hud

Vurdert til 5.00 av 5 kr 285 kr 250

Legg i korga

[Edit]

liten ringblom

Sal!

Ringblomsalve med lavendel 15 ml

Vurdert til 5.00 av 5 kr 125 kr 95

Legg i korga

[Edit]

IMG_8696

Sal!

Leppepomade med peparmynte

Vurdert til 5.00 av 5 kr 125 kr 95

Legg i korga

[Edit]

kroppssmør

Sal!

Kroppssmør med rose og aloe vera

Vurdert til 5.00 av 5 kr 275 kr 215

Legg i korga

[Edit]

stumpesalve mindre

Sal!

Barnesalve med sink og lanolin

kr 200 kr 150

Legg i korga

[Edit]

Posted on

Årets mest populære produkt!

deo_120ml

Aluminumsfri deodorant glaskrukke

kr 230

Ein deodorant-krem som både pleier huda, og hindrer sveittelukt. Deodoranten inneheld mjølkesyrebakteriar som gjer miljøet i armhola ugunstig for dei bakteriane som lagar sveittelukta.

Legg i korga

[Edit]

sjampo_500ml

Sjampo for lyst hår 500 ml

kr 300

Ein mild sjampo for deg med lyst hår.

Legg i korga

[Edit]

ansiktskrem

Ansiktskrem med nattlysolje

Vurdert til 5.00 av 5 kr 300

Ein fyldig ansiktskrem fullpakka med næringsrike oljer og feittstoff. Dersom du har feit hud eigner den seg best som nattkrem, for deg med litt tørr hud passer den fint som både dag- og nattkrem.

Inneheld 50 ml.

Legg i korga

[Edit]

ansiktsrens

Ansiktsrens med leire

Vurdert til 5.00 av 5 kr 150

Ein fast ansiktsrensekrem basert på oljerensingsmetoden. Det vil seie at ein brukar olje til å løyse opp fett og smuss på huden, og ein etterlater huda reinsa, men ikkje uttørka. Eg har laga min eigen vri med sheasmør og kakaosmør blanda med mandelolje, ricinusolje, kvit og rosa leire. Fettstoffa er med på å løyse opp fett frå huda, mens leira reinser i djupna.

Inneheld omlag 75 ml.

Legg i korga

[Edit]

antirynkeserum

Anti-rynke serum med nyperose

Vurdert til 5.00 av 5 kr 325

Bruk serumet i staden for fuktighetskrem om kvelden. Masser eit tynt lag på fuktig hud etter rensing. Oljene trekker raskt inn i huden, og gir mykje næring djupt inn i huda.

Inneheld 30 ml.

Legg i korga

[Edit]

mork-sjampo

Sjampo mørkt hår

Vurdert til 4.60 av 5 kr 160

Ein mild sjampo for deg med mørkt hår.

250 ml.

Legg i korga

[Edit]

Posted on

Skjeggolje!

Innimellom kjem det spørsmål frå menn kva produkt som fins til dei, og det hender at det er nokre damer som er på leit etter ein presang til mannen. Ein del av såpene fungerer jo like godt til begge kjønn, men elles er nok hovudvekta av produkta retta mot kvinner. Men det prøver eg å rette opp i, så her er ein nykommar på den fronten. Bruk eit par dråpar for å gi både skjegget og huda næringsrikt påfyll av fukt. Skjegget blir mjukare, og ikkje minst velduftande!

Posted on

Nyhende!

Denne veka har eg lansert fleire nyhende i nettbutikken, nokre har fått omtale på Facebook og Instagram, andre har berre poppa opp i stillhet. Her kan du sjå kva som er nytt:

 

 

 

 

Posted on

Rabattkode

Ringblomhaustinga er i full gang, det har den vel eigentleg vore lenge. Men no ser eg at avlinga blir ganske stor, trass i dårleg ver og innpåslitne høner. For å feire har eg ein rabattkode du kan bruke, den gir deg 20 %  rabatt heile helga.

Bruk rabattkoden calendula. God handel, og god helg!

Posted on

Vil du anmelde produkta?

Eg har no ein rabattkupong til deg som legg igjen ei produktmelding i nettbutikken. Når du har gjort det sender du ein epost til reinhudpleie(@)gmail.com, også får du rabattkoden som gir deg rabatt på ditt neste kjøp hos Rein hudpleie.

Det er også no eit val i nettbutikken der ein kan betale direkte på konto for deg som ikkje ynskjer å bruke PayPal.
Når betalinga er registrert vert varene sendt.