Posted on

Våren kom, – og forsvann

Eg har visst laga eit innlegg tidlegare vårteikn. Også vart det frost i vekesvis. I helga hadde me eit glimt av korlei våren brukar å vere, varm i sola og kald når sola er bakom skyene. I dag har det hagla, regna voldsomt og no bles det fælt. I følge YR skal det visst vere sånn i all framtid. Blærk.

Eg og veslejenta var ute og gjekk ein liten tur på sundag. Det var litt kaldt, men eg hadde iallefall solbriller på. Me var til og med så elleville at me ikkje hadde huer på (men hetta kom opp ganske raskt). Eg knipsa nokre heilt tydelege vårteikn på turen vår, no kan det vel ikkje vere nokon veg tilbake? Mens me venter får me trøste oss med at i hagen spirer og gror det og i fjøset har det komme ein kalv.
Elles i helga har eg testa ut ein ansiktsrens meg kvit og rosa leire, kakaosmør, sheasmør, ricinusolje og mandelolje. Om ikkje lenge kjem det ein variant i Epla-butikken.

20130423-211859.jpg

20130423-211926.jpg

20130423-211936.jpg

20130423-211948.jpg

20130423-212101.jpg

20130423-212134.jpg

20130423-212932.jpg

20130423-212946.jpg

Posted on

Påska via Istagram

Jammen gjekk påska raskt her hos oss. Me hadde det ganske hektisk med besøk til begge sett med besteforeldre der me traff søsken og søskenbarn i hopetal. Tilslutt klarte me å presse inn eit lite besøk til farmor si hytte på Vågslid, og fekk oss ein tur på fjellet. Vanligvis ser eg ikkje noko poeng i å reise vekk frå våren og hagen og opp i snøen, men i år var det såpass kaldt her heime at me har ikkje fått gjort noko særleg hagearbeid uansett. Min trufaste følgesvenn mobilen var med meg som vanleg, og her er bilda mine frå Instagram.

20130403-192528.jpg

20130403-192609.jpg

20130403-192620.jpg

20130403-192638.jpg

20130403-192646.jpg

20130403-192657.jpg

20130403-192711.jpg

20130403-192723.jpg

20130403-192825.jpg

Posted on

Endeleg eit snev av vår

Eg er ein slik person som alltid trur at graset er grønare på den andre sida, eller den andre årstida i dette tilfelle. Eg lengter alltid etter den neste. Eg er nok ikkje den einaste som leitar etter vårteikn no, men uansett kva årstid me er i så er eg litt utålmodig etter neste.
Og no er den neste øyeblikk her!

Denne veka har eg gleda meg over

:: at sola faktisk varma litt
:: snøklokkene blømer
:: eg blir meir og meir nøgd med sjampoen min
:: hønene verper for harde livet
:: me har sådd gulrotfrø i mjølkekartonger i drivhuset
:: eg har sett dei første lamma!

(også snakkar me ikkje om alt det eg ikkje fekk gjort denne veka heller…)

20130310-192308.jpg

20130310-224539.jpg

20130310-224623.jpg

20130310-224706.jpg

20130310-224815.jpg

20130310-224839.jpg

20130310-225018.jpg

Posted on

Mens me venter på at isen skal tine

Her i huset går samtlige med sår hals, og me hoster og harker om kvarandre. Blogging og andre kreative krefter har gått litt i dvale til fordel for sofaligging og diverse former for underhaldning. Her hos oss er sola vekke i omlag 12 veker kvar vinter, og no har me så smått byrja å få den tilbake. Det gjer at vårlengten kjem sigande, sjølv om heile hagen er dekka i 2 cm med blank is. Mor i huset måtte kjøpe seg brodder sjølv om ho føler at alderen ikkje heilt står i samsvar, men etter å ha gått trynet fleire gonger på veg bort til hønsehuset så var det berre å bite i det sure eplet. Så mens me venter på at sola skal vise seg litt meir kvar dag, og at isen skal smelte så kikkar me på gamle bilete og drøymer om sumaren.

DSCF3112

IMG_0968 IMG_0939 IMG_1024 IMG_1110 IMG_1118 una 073