Skjeggolje!

Innimellom kjem det spørsmål frå menn kva produkt som fins til dei, og det hender at det er nokre damer som er på leit etter ein presang til mannen. Ein del av såpene fungerer jo like godt til begge kjønn, men elles er nok hovudvekta av produkta retta mot kvinner. Men det prøver eg å rette opp i, så her er ein nykommar på den fronten. Bruk eit par dråpar for å gi både skjegget og huda næringsrikt påfyll av fukt. Skjegget blir mjukare, og ikkje minst velduftande!