Om økologiske ingrediensar



Til og med for meg som driv i bransjen er det avogtil forvirrande å finne ut kor økologiske hudpleieprodukt verkeleg er. Før eg starta Rein hudpleie trudde eg at alle produkt og seriar som brukte økologisk i beskrivelsen sin var heilt økologiske. Dette er ikkje tilfelle. Faktisk vart dette noko av motivasjonen for å starte opp sjølv, for eg syns det var vanskelig å finne produkt som virkelig var heiløkologiske. Når ein studerer innhaldslista så viser det seg at det kanskje er ein eller to økologiske ingrediensar, og det er nok til at produktet vert løfta fram som økologisk. Dette syns eg faktisk ikkje er godt nok. Det er heller ikkje godt nok påstå at viss ingrediensane er «naturlege» så er produktet økologisk.

Når dette er sagt så er heller ikkje alle mine produkt 100% økologiske. Men eg er heilt bevisst på at finst det eit økologisk alternativ så velger eg det, sjølv om det kanskje er tre gonger så dyrt. Men det er ikkje alt som finst å få tak i økologisk. Eksempel på dette er lanolin, såpestoff og lanettevoks. Men når eg velger konvensjonelle ingrediensar har eg ein god grunn for det, og den grunnen er ikkje pris.  Samtidig så velger eg vekk mange gode ingredienser fordi dei ikkje finst økologisk. Uansett så syns eg at det bør vere skikkelig og tydelig merking på alt, og eg blir litt provosert når hudpleieprodukt som inneheld nokre få økologiske ingrediensar vert framtilt som økologiske. Då er det eit valg som mest sanlynleg går på pris, ikkje tilgjengelighet.

For meg er det også viktig å ha ingrediensar som er framstilt på berekraftig vis, og som kan brytast ned i naturen etter bruk. Eg brukar plast- og metallemballsje, men denne er laga av resirkulert materiale, og kan gjenvinnast etter bruk. Eg er stadig på leit etter endå meir miljøvenleg emballasje, men import er vanskelig og ikkje minst dyrt for oss småprodusentar.

For å gjere det så enkelt som mogeleg for forbukarane har eg tydeleg merking med innhaldsliste på framsida av alle produkt, og har i tillegg ei liste over alle ingrediensar som eg brukar her på heimesida.