Posted on

Travle dagar og nye produkt

For oss som prøver desperat å vere bønder er våren veldig travel, spesielt når veret er fint. Så alt innearbeid og dataskriving vert utsett til kvelden, men då er ikkje lenger energien på topp. Her hos oss er me velsigna med kveldsol til nesten 22.30 på det lengste, men av og til er det litt slitsom også, for ein føler at ein burde vore ute i hagen mens ein helst vil ligge på sofaen og slappe av.

Men dei siste vekene har eg fått gjort ein del i hagen, nye kyllinger har klekt ut, eg har fått på plass ansiktsolje med faktor og ein ny massasjeolje pluss ny forsyning med solkrem. Nye varer er på plass hos Reindyrka i Bergen og ein stor pakke er på veg til Frisk Flora i Florø. Nye produkt er stadig under utvikling, i går kveld laga eg ein myggspray av økologisk trollhasselvatn, citronella, eucalyptus, lavendel og peparmynte. Eg trur den vil virke bra, men det er nok nødvendig å spraye seg ganske ofte då dei eteriske oljene fordampar etter ei lita stund.

ansikstolje spf 15

massasjeolje sensuell og varmande

solkrem spf 10solkrem spf 20