Posted on

Eit hønseliv

På denne tiden av året er det ein ting som oss med høns i hagen har i overflod; egg! Det er ikkje heile året dei verper like ivrig, men på våren og forsommaren brukar det å flomme over. Då er det om å gjere å finne nye matretter der ein kan bruke masse egg, det begrenser seg kor mange speilegg og omelettar ein orkar. Heldigvis er variantane mange, og her er oppskrifta på ein av våre favorittar akkurat no. Det er ei ovnspannekake som er superenkel å lage, og kan fint brukas til både frukost, kvelds eller ein lett middag. Viss det er til middag må ein nok lage litt større oppskrift.

Akkurat no har me kyllingar også, det er ekstra stas. Kvar vår brukar nokre av hønene å «klukse», det vil seie at dei lagar seg eit reir og der sit dei på egga sine i tre veker. Etter tre veker byrjar kyllingene å hakke seg ut av egget, og eg blir like facinert kvar gong av at dei blir ein fiks ferdig kylling på 21 dagar. Me har fleire ulike raser, og nokre blandingshøns. Dei får gå fritt ute heile året, og har masse plass. Kameraet var ikkje heilt samarbeidsvillig i dag, så her er eit knippe hønsebilder frå instagram.

«Dutch baby»
5 egg
2 dl mjølk
2 dl mjøl

Eg brukar omlag eit egg per person, viss det er til middag tar eg nok eit par ekstra.

Begynn med å sette på steikeovnen på omlag 220 grader. Så finn du fram ei passelig form eller langpanne. Hiv oppi ein god klatt med smør og sett det inn i ovnen. Når smøret er skikkelig varmt tømmer du røra oppi, og lar stå i ovnen i omlag 25 minutt.

Heime oss oss likar me å ete dette med lønnesirup på, men det er også godt med litt sitronsaft og eit melisdryss. Viss me har ovnspannekake til middag brukar eg å ha på litt steikt flesk, det steiker eg på forhånd også strør eg det oppå røra før eg setter den i ovnen.