til Aurland



Sist helga pakka eg sekken og reiste til Aurland. Her var det samling for det økologiske miljøet i heile landet, og mykje folk. Samlinga var kombinert landsmøte for Oikos, og Aurlandseminaret. Grunnen til at samlinga er lagt til Aurland er at her er den einaste økologiske jordbruksskulen i landet, nemlig Sogn Jord- og Hagebruksskule. Viss du eller nokon du kjenner lurer på ei utdanning innan økologisk landbruk er dette rette staden å reise til. Eg var elev her for ein del år sidan, og det var desse åra som la grunnlaget for det eg driv med i dag. Skulen vil eg anbefala på et varmaste!  Som elev og tilsett ved skulen hadde eg nokre kjempefine år, også var det jo her eg traff den finaste mannen.

Kjekt er det uansett å komma seg vekk frå kvardagen litt, treffe gamle venner og få påfyll av økologisk inspirasjon. Også er det alltid fint å komma «heim» til Aurland. Tida var knapp og det vart ikkje tid til å ta noko særleg med bilete, men på heimesida til skulen er det mykje fint å sjå på. Også var det jo kjekt å skå Rein hudpleie produkt utstilt i den fine gardsbutikken, men det gløymte eg jo sjøldsagt å ta biltete av.

sjh1 sjh2