Endeleg eit snev av vår

Eg er ein slik person som alltid trur at graset er grønare på den andre sida, eller den andre årstida i dette tilfelle. Eg lengter alltid etter den neste. Eg er nok ikkje den einaste som leitar etter vårteikn no, men uansett kva årstid me er i så er eg litt utålmodig etter neste.
Og no er den neste øyeblikk her!

Denne veka har eg gleda meg over

:: at sola faktisk varma litt
:: snøklokkene blømer
:: eg blir meir og meir nøgd med sjampoen min
:: hønene verper for harde livet
:: me har sådd gulrotfrø i mjølkekartonger i drivhuset
:: eg har sett dei første lamma!

(også snakkar me ikkje om alt det eg ikkje fekk gjort denne veka heller…)

20130310-192308.jpg

20130310-224539.jpg

20130310-224623.jpg

20130310-224706.jpg

20130310-224815.jpg

20130310-224839.jpg

20130310-225018.jpg