Posted on

Litt om hud i ansiktet

-og kvifor me må ta vare på den

 

Fordi huda stadig må kvitte seg med avfallstoff og døde hudceller er det viktig meg dagleg reingjering av ansiktet, spesielt når du brukar sminke. Dersom du ikkje reingjer ansiktet så får du tilstoppa porer som igjen fører til urein hud.  Sjølv om du ikkje brukar sminke er det lurt å vaske vekk dei døde hudcellene og anna grums som huda skiller ut i løpet av ein dag. Men dersom huda di vert uttørka av reingjering er det viktig å tilsette ein eller annan form for feittstoff etterpå. Det ideelle her er å bruke noko som liknar ansiksthuda sitt eige fett, til dømes produkt som inneheld lanolin eller jojobaolje.  Her kan ein med fordel bruke berre olje i staden for fuktigheiskrem. Og ein bør for all del unngå produkt som inneheld petroleumsprodukt då det desse gjer er å tørke ut huda meir og øydelegge huda si evne til å produsere olje. Dersom du har feit hud som produserer mykje olje er et ekstra viktig å bruke reingjeringsprodukt som fjernar overflødig olje, utan å tørke ut huda.

Tidligare har eg komme med tips til ansiktsmasker du kan lage sjølv av ting du har på kjøkenet, her får du tips til ein annan måte å gi ansiktet ein oppfrisking. Dersom du ikkje har tilgang på urter sjølv finn du mykje i te- og krydder sortimentet på hesekostbutikkane.

Ansiktsdampbad
Damp gjer at porene opnar seg og svettar ut avfalstoff som har samla seg opp. Eit dampbad aukar blodsirkulasjonen, gjer at musklane slappar av, og gir fuktighet til dei innerste  laga av huden. Du byrjar med å reinse huden godt, så kokar du om lag 7 dl vatn. Tilsett urtene du vil bruke og la det stå med lok i 5 minutt. Plasser bollen eller kjelen ein plass der du kan sitje komfortabelt. Ta av loket, dekk hovudet med eit handkle og pust inn dampen i om lag 10 minutt. Avslutt med å skylle ansiktet med lunka vatn og smør deg inn med ansiktsolje eller anti-rynke serum.

hud 001

Pore-rensker:
7 dl vatn
1 ts tørka ryllik
1 ts tørka salvie
1 ts tørka rosmarin
1 ts tørka peparmynte

For tørr hud:
7 dl vatn
1 ts tørka ringblomst
1 ts tørka valurt
1 ts tørka hylleblomst
1 ts olje (f. eks. jojoba, mandel, solsikke, sesam, oliven)

Du kan også bruke eteriske oljer i vatnet, då treng du ikkje la det stå i 5 minuttar før du brukar det.

Her er det berre til å finne sine favorittar blant urter og oljer. Fleire tips til urter:
Kamille, bringebærblad, lavendel, rose og  fennikel.