Sjampo

Dei siste vekene har eg hatt veldig lyst til å jobbe litt med å lage ein eigen sjampo-oppskrift. Eg har i mange år vore opptatt av å bruke økologiske hudpleieprodukt. Men eg har ikkje alltid vore så opptatt av håret. Eg har kanskje følt litt at viss eg er flink på alt det andre så kan eg gløyme ut kva eg vaskar håret med, og gjere det litt lettvint. Men den siste tida har eg vore plaga med kløande hovudbunn og syns ikkje eg finn noko som passer for meg. Så etter mykje lesing på internett så har eg komme fram til to ting:

:: vanleg konvenjonell sjampo er noko drit

:: eg kan klare å lage ein sjampo som er laga av 100% naturlege råvarer og utan konserveringsmiddel, men den held seg berre i 4 månader.

Då var det berre til å hoppe i det, og prøve. No har eg laga 3 flasker, så då er det utprøvingstid. Velsigna som eg er med ein snill familie skal eg få litt hjelp av syster mi og mor mi til å prøve ut sjampoen.

Kvifor vanleg sjampo ikkje er bra? Dei inneheld mykje sodium laural sulfate/sodium laureth sulfate (SLS/SLES) som er kjent for å irritere hud, auge og vere skadeleg for leveren. Desse vert brukt fordi dei er billige, og skummar godt.  Dei fjerner også fettet frå huden som gjer at håret ser fint og reint ut først, men resultatet blir ofte ein kløande og flassande hovudbunn. Bruken av parfyme i vanleg sjampo forverrer dette. I tillegg er det vanlegvis ei lang liste med kjemikalier som gjer at sjampoen lukter godt, har passelig konsistens, har tilnærma ubegrensa haldbarhet og så vidare. Dei fleste av desse aner me ikkje kva er for noko, og me vil sikkert ikkje vite det heller.

Sjampoen som eg har laga inneheld vatn, sulfat (mildt såpestoff basert på kokos), perlemorsulfat (liknar sulfat, men er tilsett leiremineral for å gi perlemorseffekt), aloe vera, lavendel hydrolat, salt (gir tjukkare konsistens), brennesletinktur, stemortinktur, sitronsyre (for å seinke pH’en) og eterisk olje av lavendel.

I dag har eg brukt sjampoen for første gong, den skummar godt og ser ut til å virke bra. Då gjenstår det berre å sjå korleis det vert over tid. Kva seier du, er sjampo eit produkt du er interessert i?

sjampo1
At fargen på sjampoen matcha gardinene var sjølsagt nøye planlagt!