Posted on

Eteriske oljer

Når du skreller ein appelsin, eller gnir litt mynte mellom fingrane kjenner du godt lukta av planten eller frukta. Det du luktar er ofte den eteriske olja i planten. Det er den eteriske olja som gir plantene sine særeigne duftar og parfyme. Desse oljene er flyktige, det merker du godt viss du skreller ein appelsin så luktar det sterkt appelsin med ein gong, men lukta forsvinn fort. Nokre planter har mykje slik eterisk olje, andre har lite. Til dømes er konsentrasjonen av eterisk olje i rosa så liten at det må eit tonn roseblomar for å lage 300g eterisk olje av rose. Eteriske oljer vert brukt på mange ulike måtar.  Når ein brukar eteriske oljer i massasje vert olja absorbert i huda, og transportert rundt i kroppen. Det vert sagt at viss du gnir eit kvitlauksfedd mot fotsålen så vil olja i kvitlauken bli tatt opp av blodet og merkast på pusta litt seinare. Så det er ikkje berre aromaen av dei ulike oljene som er viktig, men også den kjemiske reaksjonen mellom oljene og kroppen. Difor skal ein vere litt forsiktig med å bruke eteriske oljer når ein er gravid, sjuk, og  på små born. I tilfelle du får ein allergisk reaksjon kan det vere lurt å prøve produkt som inneheld eteriske oljer på eit lite område av huda først. Eteriske oljer er svært sterke, og må aldri brukas ufortynna på huda.

Mange av oljene eg brukar kjøpar eg hos Salome, dei har økologiske oljer av god kvalitet. Hos Salome kan du også lese meir om eigenskapane til dei ulike eteriske oljene.

Her i huset prøvar me å bruke så lite kjemikalier og vaskemidler som mogeleg, difor lagar eg til dømes mitt eige tøyskyllemiddel. Då brukar du rett og slett ei flaske eddik, og drypper oppi 20-30 dråpar av den/dei eteriske oljane du likar best. Eg er svak for lavendel. Rist godt på flaska før du brukar den, og ha ein klunk i vaskemaskina i staden for vanleg tøymjuknar. Eddiken gjer kleda mjuke.

Eg brukar også å ha ei dusjeflaske med vatn attmed strykebordet når eg stryk dukar og slikt. I dusjeflaska har eit par dropar lavendelolje, og dette vatnet sprayar eg på mens eg stryk. Det gjer at det luktar godt mens eg held på med slikt kjedelieg arbeid i tillegg til at dukane lukar godt når du tar dei fram att.

Her er meir lesestoff viss du vil lære meir om eteriske oljer, og eigenskapane til dei ulike oljene. Denne boka er eit nyttig oppslagsverk som eg nyttar mykje.

514VbmIUv5L._BO2,204,203,200_PIsitb-sticker-arrow-click,TopRight,35,-76_AA300_SH20_OU02_