Posted on

Vinter, og litt vår

Her på sørvestlandet har det stort sett vore ein veldig mild vinter så langt. Eg har lagt merke til at nokre av vekstene i hagen trur at våren har komme litt lenger enn den faktisk har. Men denne veka fekk me frost igjen, så no har nok vårfølelsen stoppa litt opp. Heldigvis merkar hønene at sola har snudd, og nokre av dei har byrja verpinga igjen. Hønen tar ein naturleg pause frå verpinga midt på vinteren. Denne pausen brukar dei til å kvile kroppen og byte fjør. I industrien blir det brukt kunstig lys døgnet rundt slik at hønene ikkje veit forskjell på vinter og sommar og natt og dag. På denne måten unngår ein denne pausen i verpinga, men det betyr også at hønene vert fortare utsletne og meir pjuskne, for dei får aldri den kvilepausen som er naturleg for dei. Difor vert dei ofte slakta når dei er eitt og eit halvt år gamle, for då er dei ikkje like produktive som unghøner. Me syns ikkje det er så viktig om alle verper kvar einaste dag, så hos oss får dei bli både tre og fire år. Hønene har fri tilgang på beite heile året, og vindu i huset sitt slik at dei ser forskjell på natt og dag. I fjor vår kjøpte me inn nokre burhøns som var sjalta ut av ein stor produsent. Styggare høner hadde eg aldri sett, men etter eit par månader med grønt gras og god plass vart dei runde og flotte i fjøra. Men nokre vårteikn er klare. Dei første rabrarbraknoppane er på veg opp, likeeins klosterklokkene. Grønkål er ikkje akkurat eit vårteikn, men den står fint trass i frosten, og gjer at me kan ha fersk grønt frå hagen i januar!

klosterklokker120113

rabarbra120113

grønkal120113

egg120113

høne120113