Tørre hender?

På dei få julemarknadene eg var på før jul så var det tydeleg at handsalven var ein salsuksess. Det er også handsalven som er mest brukt her i huset. Me er plaga med tørr og til dels sår hud på hendene, spesielt om vinteren. Når ein jobbar i fjøs er det mykje handvask som tørker ut huda, og i kaldt ver hender det ofte at huda på hendene sprekker opp og vert veldig sår. Då er det godt å smørje seg inn med ein skikkelig god salve. Konsistensen er linn annleis enn vanleg handkrem, og fordi det ikkje er vatn i den brukar den lenger tid på å trekke inn i huda, men då varer den også lenger. Eg syns det er godt å smørje seg om kvelden når eg har lagt meg, også brukar eg den alltid før eg vaskar opp. Då kan eg fint ha hendene i varmt såpevatn utan å verte tørr. Eit anna bruksområde er massasje. Når ungane kjem ut av badekaret og har tørka seg, tar eg litt i hendene mine som smelter, og brukar det til å massere ungane. Dette kan fint brukas på vaksne også, enten ein sjølv eller kjærasten. Huda treng ikkje vere heilt tørr før du masserer inn salven. Dersom du har ekstra tørr hud nokon plass på kroppen er det ein fordel å gjere dette etter bad/dusj, då er huda mjukare. Salven kan også brukas som kuldekrem når det er kaldt. Kokosolje skal vere bra for alle slags hudlidingar, eksem og kløe. Både mandelolje, jojobaolje og tistelolje er veldig næringsrike, og rike på fettsyrer som gir masse fuktigheit til huda. Eg merker at når eg har vore flink å smøre kvar kveld, så treng eg ikkje smøre meg meir i løpet av dagen for huda held på den fuktigheita den har fått kvelden før.

2013-01-10 14.35.22