Ringblomst!

Ringblomst er kjent for å ha ein helande effekt på utslett, sår og irritert hud. Den er sopphemmande, og skal vere betennelseshemmande. Derfor er den fin for oss som jobbar mykje i hagen og ofte har småsår på hendene som lett kan bli litt infiserte. Eg dyrkar all ringblomst som eg brukar i produkta mine sjølv. Eg tørkar dei i ei urtetørke, og legg dei ned i olje. Dette kan vere tistelolje, mandelolje eller olivenolje. Dei ulike oljene har ulike eigenskapar som passar til forskjellige produkt. I følge bror min som klatrar mykje i fjellet er ringblomsalve uunverleg for trøtte og såre klatrenevar. Ringblomstsalve er også veldig god for såre barnestumpar. Eg brukar den på nevane om kvelden når eg har jobba mykje i hagen, og på leppene når dei er ekstra såre. Og minstemann som endå brukar bleier får eit beskyttande lag i stumpen når det er antydning til bleieutslett.

Sorten eg dyrkar heiter Resina, som er ein som blir mykje brukt til salver og oljer då den har eit veldig høgt innhald av eterisk olje. Frøene kjøper eg frå Runåbergs frøer i Sverige. Viss du vil lære meir om ringblost er det masse god informasjon her  i Rolv Hjelmstad sitt planteleksikon. Godheita vil ingen ende ta!